Erna Solberg: Statsministeren har god grunn til å smila om dagen.

Trinn 3 i gjenopninga: Dette blir annleis

No blir det mogleg med fleire på besøk heime, fleire menneske på arrangement og mindre behov for heimekontor.

Gjenopninga av samfunnet held fram og vi går no til tredje trinn i gjenopningsplanen, heiter det i ei pressemelding frå regjeringa.

No blir det mogleg med fleire på besøk heime, fleire menneske på arrangement og mindre behov for heimekontor. Born og unge kan delta på idretts- og kulturarrangement på tvers av regionar og kretsar utan krav om å halda 1 meter avstand.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei nye tilrådingane gjeld umiddelbart, medan forskriftsendringane trer i kraft frå søndag 20. juni kl. 12.

Les også
Jubel med bismak for Ghader Diab og andre skjenkestader

Anbefalingar for heile landet

Hald 1 meter avstand. Hald hendene reine. Hald deg heime om du er sjuk.

Sosial kontakt

Ikkje ha besøk av fleire enn 20 gjester. (nytt)

Born i barnehagar og barneskular kan ha besøk frå eigen kohort sjølv om det overstiger anbefalt tal gjestar.

Beskytta vert ikkje rekna med i talsavgrensinga.

Rådet om avstand gjel framleis, men beskytta kan ha nær sosial kontakt (under ein meter) med andre beskytta og ubeskytta som ikkje er i risikogruppa.

Det vert oppfordra til å møtast utandørs.

Reiser

Innanlandsreiser kan gjennomførast.

Personar som ikkje er beskytta og som reiser til kommunar med mindre strenge tiltak bør fylgja tilrådingane som gjeld i kommunen der dei har opphalde seg i tida før reisa.

Personar som ikkje er beskytta vert oppfordra til å vera ekstra forsiktige og planleggja reisa slik at ein i størst mogleg grad unngår smittespreiing mellom stader. Dette er særleg viktig for personar som reiser frå område med høgt smittetrykk, dvs. frå kommunar som har strenge lokale tiltak regulert i covid-19-forskrifta kapittel 5A til 5C eller tilsvarande lokal forskrift.

Skular og barnehagar

Barnehagane og skulane fylgjer trafikklysmodellen om grønt, gult eller raudt tiltaksnivå etter lokale vurderingar av den enkelte kommune og er klare til å endra tiltaksnivå i lys av endringar i smittesituasjonen.

Høgare utdanning

Meir fysisk undervisning og vurdera jamleg testing.

Registrera kven som er til stades og deira seteplassering for å letta smittesporing.

Arbeidsliv

Auka nærvær på arbeidsplassen. (nytt)

Delvis heimekontor og/eller fleksibel arbeidstid.

Arbeidsgjevar vurderer i større grad om heimekontor er naudsynt lys av den lokale smitterisikoen. (nytt)

Generelle smitteverntiltak:

Det må vera mogleg å halda 1 meters avstand for alle.

Dei som er beskytta treng ikkje å halda avstand til andre på arbeidsplassen, men bør ta spesielt omsyn til ubeskytta i risikogrupper. (nytt)

Arrangement (både private og offentlige)

Det vert oppfordra til å halda arrangement utandørs heller enn innandørs.

Personar som ikkje er beskytta og som kjem frå område med høgt smittetrykk bør ikkje oppsøkja arrangement i andre kommunar. Høgt smittetrykk betyr at kommunar har strenge lokale tiltak regulert i covid-19-forskrifta kapittel 5A til 5C eller i tilsvarande lokal forskrift.

Idretts-, kultur og fritidsaktivitetar

Det vert oppfordra til aktivitet utandørs heller enn innandørs.

Unntak frå tilrådinga om 1 meters avstand både utandørs og innandørs der det er naudsynt for å utøva aktiviteten. Dette opnar for trening i kontaktidrett for vaksne. (nytt)

For vaksne er tilrådd gruppestorleik inntil 30 personar innandørs og 40 personar utandørs. (nytt)

Sommar- og aktivitetsleir (nytt)

Tal deltakarar på sommarleir, aktivitetsleirar og andre fritidstilbod, som samlar mange personar og varer over fleire dagar, er tilrådd avgrensa inntil 300, og det er anbefalt at ein deler deltakarane inn i grupper med omtrent 40 personar..

Det er ikkje eit krav om å halda 1 meters avstand, men dei generelle tilrådingane om avstand og god handhygiene gjeld også på leir, både for vaksne og born.

Når det skjer aktivitetar på leiren som ikkje kan gjennomførast uten å vera nærmare enn 1 meter, gjeld ikkje rådet om å halda avstand.

Toppidrett

Toppidrett kan utøvast som normalt. Det betyr at seriespel kan gjennomførast utandørs og innandørs. (nytt)

Reglar for heile landet

Handelsnæringa:

Opent med regulering av smittevernfagleg forsvarleg drift i samsvar med covid-19-forskrifta, som å tilretteleggja for minst 1 meters avstand og ha rutinar for god hygiene. Smitteverntiltak jf. eigen bransjestandard.

Varemesser og mellombelse marknader vert regulert på same måte som handelsnæringa.

Idretts-, kultur og fritidsaktivitetar:

Born og unge under 20 år kan delta som utøvarar på idrettsarrangement eller konkurranse på tvers av regionar/krinsar (nasjonalt), både utandørs og innandørs, utan krav om å halda 1 meter avstand. (nytt)

Vaksne i breiddeidretten får unntak frå 1-metersregelen ved deltaking på idrettsarrangement som kampar og stemner innan regionen/krinsen, Dette gjeld både utandørs og innandørs. (nytt)

Vaksne dansarar, musikarar og scenekunstnarar som ikkje er profesjonelle kunstnarar får unntak frå 1-metersregelen på både utandørs og innandørs kulturarrangement, dersom dei eller trenar eller øver saman. (nytt)

Uteliv, serveringsstader og arrangement med skjenkeløyve

Skjenkestopp kl. 24:00 vert oppheva. (nytt)

Innsleppsstopp kl 24:00 held fram.

Krav om registrering, bordservering av alkohol, redusert tal gjestar, sitjeplassar til alle gjestar og avstand.

For dei som planlegg bryllaupsfest, kjem regjeringa med ei gladmelding.

For private arrangement kan det vera inntil 100 personar på offentleg stad eller i leigde/lånte lokale, inne og ute.

For offentlege arrangement gjeld reglane i biletet under:

Trinn 3: Dei detaljerte reglane for offentlege arrangement.

Norge er i rute

– Smittetala går ned, talet på innlagde ved sjukehusa synk og rundt halvparten av befolkninga over 18 år har fått minst éin vaksinedose. Norge er i rute, og vi er klare for å gå til trinn tre i gjenopninga, seier statsminister Erna Solberg.

Avgjerda om å gå til tredje trinn er basert på råd frå Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet. Det kan framleis vera behov for å slå ned utbrot lokalt med lokale reglar.

– Vi må framleis vera forsiktige. Det er framleis ein uføreseieleg smittesituasjon mange stedar i verda, og det er usikkerheit knytt til mutasjonane. Difor må vi framleis ha høg beredskap og restriksjonar ved innreise til Norge. Gjenopninga i Norge er avhengig av at vi klarer å halda litt igjen på opning over grensa, understrekar Solberg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Meir om innreise til Norge

Skular og barnehagar

Skular og barnehagar skal planleggja for grønt nivå etter ferien, med mindre den lokale smittesituasjonen tilseier noko anna.

Også universitet, høgskular og fagskular bør planleggja for fysisk undervisning ved semesterstart til hausten, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby.

Det vert også opna for deltaking på tvers av regionar og krinsar, noko som betyr at ein kan arrangera cupar og stemne som samlar born frå ulike delar av landet.

— Men hugs at både vaksne, born og småsøsken tel med i talsavgrensninga på arrangement der born og unge under 20 år er utøvarar.

Opnar for sommarleir

I dag startar sommarferien for born og unge i Norge.

– Eg trur både born og vaksne lurer på korleis det blir med årets sommarleir. Eg er glad for at det i år blir mogleg med både sommarleirar, aktivitetsleirar og andre fritidstilbod. Det betyr at blir leirstemning og minner for livet for tusenvis av born og unge, seier barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad.

Sjølv om det er mogleg å reisa på ferie ut av landet, vil det framleis vera avgrensingar og kompliserte reglar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det kan bli slitsamt å reisa til utlandet, og det kan bli lang ventetid for å koma inn i Norge. Regjeringa tilrår difor å feriera heime i Norge. Det er det tryggaste og mest føreseielege, seier Ropstad.

Viktige definisjonar:

Fullvaksinert:

Du har fått to vaksinedosar, og det har gått over ei veke sidan du fekk den siste dosen.

Du har gjennomgått covid-19 og fått éin dose med koronavaksine for over ei veke siden. Du kan ikkje få vaksinedosen før tre veker etter at du tok testen som var positiv.

Du har fått éin vaksinedose og etter tre veker testa positivt på ein koronatest. Du er då fullvaksinert når du er ferdig med isoleringa.

Beskytta:

Du er fullvaksinert.

Du har fått éin dose, og det har gått 3 til 15 veker sidan du fekk dosen.

Du har gjennomgått covid-19-sjukdom dei siste seks månadane.