Vurderer utkøyring: Senterleiar i Fjord`n senter Kristian Størksen fortel at dei vurderer å starta med utkøyring av varar frå senteret no i denne spesielle tida.

– Trur folk skjønar at me er inne i ei spesiell tid

Frisørbua stengde av på torsdag, men dei ti andre butikkane i Fjordn senter vil vera opne som vanleg framover.

Senterleiar Kristian Lund Størksen fortel at drifta i senteret skal gå som normalt, trass i den spesielle situasjonen ein no er i med koronaviruset og kommunen og regjeringas strenge tiltak.

Stort samtaleemne

– Per dags dato er det berre Frisørbua som ikkje er open, men me har fleire mindre butikkar, og i samband med at skular og barnehagar er stengde, kan det fort bli eit problem å halda ope for andre butikkar også. Om så skulle skje, trur eg folk i Fusa har forståing for det, seier Lund Størksen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men medan Frisørbua til liks med andre verksemder som driv med hud- og hårpleie vart pålagde å stengja dørene, går drifta elles som normalt i senteret. Av elleve butikkar, er altså dei ti andre i normal drift.

– Det vil dei også vera framover, slik det ser ut no, men det er mykje uvisse ute og går. Folk er usikre, både kundar og folk som driv butikk. Dei siste dagane har det knapt vore prata om anna enn koronaviruset og konsekvensane av dei drastiske tiltaka som no er sett i gang, fortel Størksen.

Vurderer utkøyring

I senteret har samtlege butikkar fått pålegg om å reingjera flater og berøringspunkt. I tillegg er dei oppfordra til å ha Antibac.

– Me har vore påpasselege med å be butikkdrivarane om å reingjera bankterminalane og betjeningsområdet skikkeleg, seier senterleiaren.

Han legg til at dei også har bestilt større dispensarar til rengjering, som dei snart vil setja ved inngangane til senteret.

– Dessutan har me prata om å starta med utkøyring. Om det blir slik at fleire etter kvart blir sett i karantene, vil me prøva å få til ei utkøyringsordning her frå senteret. Kor mange som kan vera med på noko slikt, er førebels uvisst, men poenget måtte jo vera at dei som ikkje får koma seg ut, på den måten kan få tilgang til alt dei måtte ønskja seg av det me har i senteret. Dette er noko me skal diskutera og jobba vidare med utover fredagen, fortel Størksen.