Tatt: Kvar dei var på veg, veit vi ikkje, men felles for dei tre sjåførane, er at dei etter tysdag kveld, er nokre tusen kronar fattigare.

Tysdag kveld blei fleire sjåførar nokre tusenlappar fattigare

Utrykkingspolitiet hadde fartskontroll på Halhjemsvegen tysdag kveld.

Det var klokka 22.45 tysdag kveld at Utrykkingspolitiet (UP) rigga seg til ved Halhjemsvegen.

I ei Twitter-melding opplyser Vest politidistrikt at UP var på staden fram til klokka 23.30.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei gjennomførte fartskontroll og i løpet av dei 45 minutta, blei tre sjåførar vinka inn til sida.

Av dei tre som fekk eit forenkla førelegg, var høgaste hastigheit måla til 87 km/t.

Det medfører 5.150 kroner til statskassa.