Hurtigbåten kjem ikkje til Os til oppsett rute i ettermiddag.
Hurtigbåten kjem ikkje til Os til oppsett rute i ettermiddag.

Tysnesbladet: - Hurtigbåten er førebels innstilt

Hummarteiner skal vera årsaka.

Etter planen skulle «Rygerkatt» gå frå Våge kai klokka 14:00 mot Reksteren og Os. Hurtigbåten ligg no ved kai i Våge. Hummarteinar er årsaka, skrivTysnesbladet.

Då båten skulle køyra, hekta det seg eit tau med to hummarteinar fast i propellen. No står dermed «Rygerkatt» fast i Våge.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har ringt etter ein dykkar, som me håpar får oss laus så snart som mogeleg, opplyser kaptein John Terje Hatletvedt til avisa.

Dei berørte blir frakta med taxi, og éin passasjer må ta ferja til Os. Ruta frå Os er kansellert.