Strengare reglar: Til våren blir det endringar i bruken av elsparkesykkel. Regjeringa strammar inn.

Uakseptabelt høge skadetal: No blir reglane stramma inn

Samferdsleministeren viser til «eit uakseptabelt høgt skadetal og eit stadig aukande konfliktnivå».

I ei pressemelding frå helga, kjem det fram at regjeringa strammar inn reglane for elsparkesykkel.

— Dei siste åra har vi sett uakseptabelt høge skadetal og eit stadig aukande konfliktnivå mellom elsparkesyklar og andre trafikantar. Slik kan det ikkje halda fram, seier samferdsleminister Jon-Ivar Nygård (Ap).

Artikkelen held fram under annonsen.

Det blir både promillegrense, aldersgrense og påbod om hjelm når regjeringa gjer innstrammingar i reglane for bruk av elsparkesyklar og andre små elektriske køyretøy.

— Vi ser at innstrammingane som er gjort så langt ikkje er tilstrekkelege. Det vil vi gjera noko med før årets sesong, og vi strammar inn reglane frå våren 2022, seier Nygård i pressemeldinga

Dette blir endringane:

* Den alminnelege promillegrensa på 0,2 skal gjelda også for ruspåverka køyring med små elektriske køyretøy.

* Små elektriske køyretøy blir omklassifisert frå "sykkel" til "motorvogn".

* Aldersgrense på minst 12 år.

* Påbod om bruk av hjelm for born under 15 år.

Vidare skal følgjande forhold greiast ut:

* Forslag om forbod mot bruk på fortau, men ikkje på gang- og sykkelvegar, og ei mogleg høgare aldersgrense som ein følgje av dette.

* Forslag om at køyretøya skal omfattast av bilansvarslova.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Formildande reglar for tap av førarrett ved ruspåverka køyring, tilsvarande dei vi har for moped. For øvrig vert gjeldande reglar for sanksjonering av ruspåverka køyring lagt til grunn.

* Omklassifisering og innføring av promillegrense på 0,2 vil tre i kraft til våren. Forslaga som skal til høyring, vil gjera det snarleg, og det vert teken sikte på at forholda så langt som mogleg er avklart før reglane trer i kraft til våren.

Sjå resten av pressmeldinga her.