Ved Osbadet: Ulukka har skjedd i nærleiken av Osbadet.

Ulukke i Idrettsvegen - MC har køyrd i fjellvegg

Politiet melder om ulukke i Idrettsvegen.

Ulukka skjedde i nærleiken av Osbadet, like ved den nye halle. Meldinga går på at ein lett MC skal ha køyrd i ein fjellvegg.

Førar er bevisst og vaken. Utover dette er skadeomfanget ukjend.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politi og ambulanse er på staden.

Politiet ser på ulukka som eit «hendeleg uhell» og det vil ikkje bli oppretta sak, og det vil ikkje bli gjort beslag i førarkort.