Køyrde feil veg: Ein ung man skal ha køyrd mot køyreretninga i denne rundkøyringa natt til søndag. Foto: Benjamin Søgnen Olsen Foto: Arkiv Foto: Illustrasjon

Ung mann må ut med 5.500 kroner etter toskete stunt med politiet som vitne

– Det blei ein kostbar runde, seier politioverbetjent, Atle Birkeland.

Natt til søndag i 04-tida, tok ein ung mann eit val han nok kjapt angra på. Politioverbetjent Birkeland fortel at politiet ferska den unge mannen då han køyrde ein runde mot trafikken i rundkøyringa.

– Dette skjedde i rundkøyringa ved AMFI Os. Den unge mannen, i starten av 20-åra, må ut med 5.500 kroner for køyringa, seier Birkeland.