Ulukke i sentrum: Ulukka skal ha skjedd i Os sentrum onsdag kveld.

Ung MC-førar fråteken lappen etter ulukke i Os sentrum onsdag kveld

Sykkelen skal ha hatt låg fart, men politiet etterforskar køyringa til MC-føraren i tenåra.

Det var kring klokka 23 onsdag kveld at sjåføren køyrde rundt i Os sentrum. Ein person som sat på skal ha falle av sykkelen, sjølv om farten skal ha vore låg.

— Sjåføren køyrde på ein slik måte at vedkommande som sat bak, fall av. Vi har mellombels teke frå sjåføren førarkortet, fortel politioverbetjent, Christine Grindstein.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politiet har gjort avhøyr på staden av ulike vitne, og oppretta sak.

— Kva gjer at de har beslaglagt førarkortet om farten var låg?

— Det er motstridande forklaringar om korleis køyringa var. Ikkje om fart, men om andre ting. Eg vil ikkje gå ut med nøyaktig kva som er sagt, men det er mangel på samsvar i forklaringane som er gitt, fortel Grindstein.