Natt til søndag: Politiet fekk melding om hendinga natt til søndag kl 01.45.

– Ungdomar møttest for å slåst

5-6 ungdomar skal ha møttest for å slåst natt til søndag.

Politiet fekk melding om hendinga natt til søndag kl 01.45.

– Observant meldar såg fleire ungdomar som møttest for å slåst i området Kuvågen/Moberg. Politiet kom tidleg til staden og fekk avslutta kampen, opplyser Atle Birkeland i politiet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette kunne ha enda verre, men enda med at ein av ungdomane vart lettare skadd.

Det skal ha vore 5-6 ungdomar i alderen 16 til 25 år. Alle vart dimmiterte på staden etter forklaring.

Politiet vil følgja opp saka vidare utover dagen og avgjøra eventuelle sanksjonar frå politiets side.