Fleire tilfelle av ordensforstyrring: Politiet har frå fredag kveld til laurdag morgon vore ute på tre oppdrag relatert til ordensforstyrring.

Urinerte midt i vegen og slo etter bilar

Ein mann som politiet hadde køyrd heim tidlegare fredag kveld, dukka opp igjen.

Det var i 21-tida fredag kveld at politiet fekk melding om ein rusa mann som gjekk i vegen og forstyrra trafikken. Politiet fann vedkomande, og tok han med seg til legevakta.

– Mannen, som er i 20-åra, var kraftig rusa, fortel vakthavande ved Bjørnafjorden lensmannskontor.

Artikkelen held fram under annonsen.

Litt meir enn to timar seinare, fekk politiet ny melding om ein mann som forstyrra trafikken. Det viste seg å vera den same personen som dei hadde teke hand om i 21-tida.

– Mannen var no på Moberg. Han urinerte i vegen og slo etter bilar som passerte. Han blei køyrd i arresten og blir meldt for ordrensforstyrring, fortel vakthavande.

I 03.30-tida i natt skal to menn ha hamna i slåsskamp på Osøyro.

– Dei skal ha krangla og det utvikla seg til slåsting. Ingen av dei blei skadd, men begge er melde for ordensforstyrring. Dette var ein mann i starten av 20-åra og ein mann i starten av 30-åra, fortel vakthavande.