Låg terskel for testing: Kommuneoverlege Klaus Melf understrekar at det er betre å testa seg ein gang for mykje, enn ein gang for lite.

Usikker på om du er sjuk? Dette symptomet må du vera spesielt obs på

Tap av lukt- og smakssans er veldig typisk for Covid-19.

Elles må du vera obs på luftvegssymptom.

– Det er betre å testa seg ein gang for mykje, enn ein gang for lite, påpeikar kommuneoverlege Klaus Melf.

Artikkelen held fram under annonsen.

Melf understrekar at no er pollensesongen i gang, men, dersom du ikkje har allergi frå før, og får forkjølelsessymptom, skal du testa deg.

Unge og gamle får stort sett dei same symptoma: Sår hals, hoste, feber, slappheit, nokre har vondt i magen. Blant dei unge er det rett nok fleire som har ingen symptom i det heile.

– Godt over halvparten har ingen symptom. Delen er endå større blant unge, seier Melf.

I Hordaland no er det nesten utelukkande den britiske mutasjonen som spreier seg. Varianten smittar lettare, og unge personar kan ifølgje Melf også bli alvorleg sjuke.

– Vi ser at det er fleire positive testar, og fleire unge under 45 som må leggjast inn på sjukehus, seier Melf.

Han viser samstundes til at dei over 65 år i stor grad er vaksinerte.