Håpar på grønt nivå ved skulestart: – Viktig å leggja til rette for at skulane kan opna på «grønt nivå», seier helseminister Bent Høie.

Utset innføringa av trinn fire

– Viktig å leggja til rette for at skulane kan opna på «grønt nivå», seier helseminister Bent Høie.

Som eit resultat av nasjonal smitteutvikling dei siste vekene, og utviklinga i andre land, har regjeringa i samråd med Helsedirektoratet og Folkehelseinsituttet valt å utsetja innføringa av trinn fire i gjenopningsplanen.

– Data viser at vaksineringa går riktig veg og at tal sjukehusinnleggingar og dødsfall framleis ligg på eit lågt nivå. Samstundes har smittetala vist ein svak auke den siste tida etter å ha lagt på eit stabilt lågt nivå gjennom sommaren, seier Høie på pressekonferansen onsdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han understrekar samstundes at vi framleis ikkje veit nok om Delta-varianten som har ført til større utbrot i land som Storbritannia, Nederland og Italia.

– I løpet av juli har Delta-varianten blitt dominerande, og det er framleis uvisst korleis denne vil slå ut i Noreg. Vi veit at den spreier seg lettare og at uvaksinerte som er smitta, blir sjukare, seier han.

Vil venta til fleire er vaksinerte

Ifølgje Høie handlar vedtaket om å venta med og innføra trinn fire også om å sikra ein tilnærma normal skulestart til hausten.

– Gjennom heile pandemien har regjeringa prioritert born og unge først, og no er det svært viktig å leggja til rette for at skulane kan opna på grønt nivå ved skulestart. Det krev at vi har god kontroll på smittesituasjonen. Vi må gjera det vi kan for at born og unge kan få ein normal skulekvardag etter ferien.

Ifølgje Høie vil regjeringa gjera ei ny vurdering av gjenopninga om to veker.

– Om to veker vil om lag 90 prosent av alle vaksne nordmenn ha fått vaksinedose 1, og ein større del vil vera fullvaksinerte. Dette vil redusera risikoen med å gå over til trinn fire betydeleg.

Endringar i trinn tre

Regjeringa har likevel valt å gjera enkelte endringar i trinn tre. Frå 16. august vil born og unge under 18 år bli unnatekne frå plikta om smittekarantene med mindre dei er husstandsmedlemmer eller nærkontakt med smitta.

– Det betyr at eit enkelt smittetilfelle ved ein skule ikkje vil føra til at mange elevar blir sett i karantene. Dette vil auka risikoen for smitte i samfunnet, men det er ein risiko vi er villige til å ta for at born og unge skal ha ein så normal kvardag til hausten som mogeleg, seier Høie.

Artikkelen held fram under annonsen.

I tillegg har regjeringa valt å gjera fleire mindre justeringar i trinn tre frå måndag 2. august:

– Bedrifter og organisasjonar kan gjennomføra sosiale samlingar i samarbeid med eksterne aktørar.

– Vaksne kan delta på idretts- og kulturarrangement på tvers av regionar og krinsar.

Vurderer eigne tiltak i Bergen

Den siste veka har det også vore ei auke i smitte i Bergen, og FHI vil som følgje av det vurdera behovet for lokale tiltak.

– Vi har løpande kontakt. Både Bergen kommune og vi følgjer situasjonen nøye. Vi vurderer fortløpande om det er naudsynt med målretta lokale tiltak, sa Gun Peggy Strømstad Knudsen, assisterande direktør i FHI, under pressekonferansen onsdag.