Promillekontroll: Politiet gjennomførte promillekontroll ved Byvegen onsdag morgon.

Utslag på alkometer — ingen melding

Politiet gjennomførte promillekontroll på Byvegen onsdag.

Promillekontrollen vart gjennomført i 9-tida, og 54 førarar skal ha blitt kontrollerte.

Alkometer gav utslag på ein av førarane - ein mann i 30-åra.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Han blåste til 0,2, og det blei difor ikkje oppretta melding, skriv politioverbetjent Anne Lyssand ved Bjørnafjorden politistasjon.

Lyssand skriv også i e-posten at patruljen onsdag kveld litt etter klokka 18, vitja Ung Arena. Dette var i det førebyggjande sporet, og Lyssand skriv at patruljen trefte på mange fine ungdomar.