Bytte: Uvanleg mange nordmenn har bytt straumleverandør denne hausten. Sjefen for Strømradar.no trur trenden vil halda fram ut året.

Uvanleg mange bytte straumselskap. Trur særleg to selskap vil mista fleire kundar

I september og oktober vart det uvanleg mange som valde å byte straumleverandør, ifølgje tal frå Statnetts dotterselskap Elhub.

Medan det var litt over 50.000 som bytte straumleverandør i august, låg talet litt over 77.000 i september, skriv Finansavisen. Det er ein auke på 54 prosent.

I oktober var det nokre færre «utru» straumkundar, men dei snaut 75.000 som bytte leverandør, er også langt fleire enn vanleg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nivået blei langt over normalen for årstida, og oktober 2022 er den tredje største enkeltmånaden i år bak januar og september, skriv Elhub i månadsrapporten sin.

Direktør Helge Håland i Strømradar.no trur mykje av auken kjem av at den populære leverandøren Tibber la om til førehandsfakturering i haust. Det utløyste til dels høgrøysta misnøye i sosiale medium.

Tibber sjølv ønskjer ikkje å seia kor mange kundar dei har eller kor mange dei har mista den siste tida.

Håland trur fleire vil byta leverandør før årsskiftet og at Fjordkraft og Fortum kan miste mange kundar. Mange Fjordkraft-kundar med såkalla variable prisavtalar har fått uvanleg høge straumrekningar i oktober, noko som har ført til kritikk og negative presseoppslag. Også Fortum har fått kritikk etter liknande avtalar.