Nina Frotveit (til venstre) er den læraren som har arbeidd lengst ved skulen i Lysefjorden. Ho har vore der sidan 1989. Frotveit nyt lunsjen sin i lag med kollega Siren Stangeland.
Nina Frotveit (til venstre) er den læraren som har arbeidd lengst ved skulen i Lysefjorden. Ho har vore der sidan 1989. Frotveit nyt lunsjen sin i lag med kollega Siren Stangeland.

Valprat på Lysekloster barneskule: Gratis skulemat står ikkje øvst på ønskelista

– Politikarane seier nei til lekser, og ja til skulemat for å fri til foreldra, men det vi som jobbar i skulen ønskjer oss aller mest, er meir tid til å vera i lag med borna.

I samband med kommunevalet 9. september, vitjar Os & Fusaposten ulike arbeidsstader i Os og Fusa. Kva meiner dei tilsette om det føreståande valet? Kva saker er viktige for dei, og kva tenkjer dei om kommunesamanslåinga? Denne gongen har vi vore i Lysefjorden på Lysekloster barneskule.

Klokka nærmar seg 10.45, og den første pulja med svoltne tilsette finn seg til rette i møblementet på lunsjrommet. Laks og eggerøre, havregraut, grovbrødskiver, spaghetti og eplekake, som elev-ane har laga, er noko av det som står på menyen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Når ein først er inne på mat. Gratis skulemat er noko av det det har vore snakka mykje om i valkampen, både nasjonalt og lokalt. For dei tilsette i skulen derimot, er det andre ting som er langt viktigare.

– Vi har for lite ressursar i forhold til dei oppgåvene som skal gjennomførast. Det gjeld både skulen og SFO, seier Siren Stangeland.

Ho får støtte frå Nina Frotveit som seier ho er skuffa over det ho opplever som enkle løysingar frå politikarane si side.

Linda Nyhus, Camilla Aarvik, Elisabeth Nedrelid, Tine Reksten Holme og Lillian Særvold.
Linda Nyhus, Camilla Aarvik, Elisabeth Nedrelid, Tine Reksten Holme og Lillian Særvold.

– Ein seier nei til lekser, og ja til skulemat for å fri til foreldra, men det vi som jobbar i skulen ønskjer oss aller mest, er meir tid til å vera i lag med borna, påpeikar Frotveit.

– Kva er konsekvensen av å ta bort leksene? Elevane treng tid til å øva. Når du har 30 elevar i klassen, er det avgrensa kor mykje tid du har i lag med kvar og ein av dei, seier Stangeland.

Dei røynde damene legg til at kvardagen i skuleverket ikkje er noko glansbilete.

– Vi manglar timar til spesialundervisning. Vi får stadig fleire oppgåver, utan å verta tilført fleire ressursar, og når det er trong for vikar, er det vanskeleg å få tak i kvalifisert personell.

Rett bruk av pengane?

Camilla Hopland er barne- og ungdomsarbeidar ved skulen og på SFO. Ho er meir oppteken av gratis SFO til 1. klassingar enn gratis skulemat.

Artikkelen held fram under annonsen.

– SFO er ein fantastisk sosial arena, seier ho og understrekar at også på skulefritidsordninga er det trong for fleire hender.

– SFO skal i utgangspunktet vera sjølvfinansierande, men tre vaksne på 45 born er ikkje alltid realistisk.

Rektor Lars-Tore Johannessen er samd i dei tilsette si vurdering av at skulemat er feil ende å starta i.

– Skulemat er eit stort nasjonalt satsingsprosjekt, og nokre skular ser god effekt av å servera mat, men eg er usikker på om det er rett bruk av pengane. Skulane har andre behov, seier han.

Pluss og minus med avstand

1. januar vert Os og Fusa til Bjørnafjorden kommune. Samanslåinga inneber at talet på barne- og ungdomsskular vert 19 til saman. Tre av skulane i Fusa er private.

– Eg er spent på korleis ein skal fordela ressursane mellom skulane, seier Stangeland.

– Kva med dei instansane som skal fungera på begge sider av fjorden, som til dømes PPT. Det er store grografiske avstandar. Kor mykje tid og ressursar går vekk i reising, spør Tine Reksten Holme.

Dei tilsette er samd i at det faktum at det er ein fjord mellom dei to samarbeidspartnarane, kan bli ei utfordring.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ein bør prioritera bru til Fusa framfor Hordfast, meiner Stangeland.

Samstundes er dei klare på at eit større fagmiljø, og fleire personar å spela ball med, absolutt er ein fordel.

– Eg håpar vi vert flinke til å læra av kvarandre og bruka kvarandre som ressursar, seier Elisabeth Nedrelid.

– Litt avstand kan i nokre tilfelle vera bra, meiner Lillian Særvold.

– Når du ikkje kjenner alle frå før, får du eit meir profesjonelt forhold til dei, legg ho til.

Kva er best for kommunen?

Tre dagar før valet, er mange av dei tilsette framleis usikre på kva val dei skal ta på valdagen.

– Eg synest det er vanskelegare å bestemma seg i år enn nokon gong tidlegare. Eg føl ikkje godt nok med, og kjenner meg rimeleg forvirra. Eg får bruka helga på å setja meg inn i det, seier Hopland.

På meiningsmålinga Os og Fusaposten publiserte for ei veke sidan, ligg Frp og H an til å mista fleirtalet dei to partia har hatt i 20 år. Om det er positivt eller negativt, vert ikkje Frotveit heilt klok på.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Når dei same personane sit i dei same posisjonane i så lang tid, kan banda fort bli for tette. Sånn sett kan det kanskje vera greitt med ei utlufting, slik Støre (partileiar i Ap, Jonas Gahr Støre journ. mrk.) sa tidlegare i veka. På den andre sida har Søviknes og co. fått til ein god del. Os har utvikla seg mykje dei siste 20 åra. Så kva som er best fork ommunen, er eg faktisk litt uisikker på, seier den røynde læraren før ho forsvinn ut i vestibylen for å øva på årets Blime-dans i lag med elevane.

camilla.kvamme@osogfusa.no