Vinnar frå Søfteland: Marianne Rossland var nærmast å tippa rett tal i pannekakekonkurransen. Onsdag henta ho gåvekortet.

Vann konkurranse: Vil donera 5.000 kroner til kvinna som mista leilegheita i ein brann nyttårsaftan

Det var Marianne Rossland som vann Joker Søfteland sin fleskepannekake-konkurranse. Ho har planen klar for gevinsten.

– Gratulerer som vinnar av konkurransen, Marianne. Kva tenkjer du om at du vann?

– Det er sjølvsagt kjempekjekt, seier ho og smiler.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Pannekakesalet på Søfteland har eksplodert sidan rekordåret 2018

Joker Søfteland har nyleg avslutta ein konkurranse på Facebook, der alle kunne tippa kor mykje omsetnad dei hadde hatt på pannekaker i 2019. Rossland tippa 2.037.470 kroner. Kjøpmann Tom Rune Solheim, fortel at det var utruleg godt tippa.

– Det var ikkje langt unna, nei. 2.040.920 kroner var det korrekte talet. Marianne kom nærmast.

Les også
Grisebra fleskepannekake-tal: Joker Søfteland selde 87 fleskepannekaker - kvar dag (!)

Det gjer at ho får 2.000 kroner å handla for på Joker Søfteland, og 5.000 kroner som ho må gje til eit lag, eller velgjerande organisasjon. Rossland hadde ikkje fått tenkt så mykje over kven ho ville gje pengane til, men den første personen ho tenkte på, var kvinna som mista huset sitt i ein brann nyttårsaftan.

– Ho er åleine med tre born. Eg er åleine med fire born. Eg har veldig lyst til å gje pengane til ho, om det er mogleg.

Les også
Pannekake-salet har teke heilt av

– Det skal vi sjølvsagt ordna, seier kjøpmann Solheim.

Aldri smakt: Marianne Rossland måtte krypa til korset og innrømma at ho aldri hadde smakt fleskepannekakene då ho var innom onsdag. Etterpå kjøpte ho pannekaker til kvelds til seg sjølv og familien.

Då Rossland, som bur på Søfteland, var innom Joker Søfteland onsdag kveld for å henta gåvekortet, måtte ho krypa til korset.

– Eg må ærleg innrømma at eg aldri har smakt fleskepannekakene, seier ho og legg til:

– Eg har kjøpt til borna, men ikkje smakt sjølv.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Mann i 20-åra gripen etter bustadbrann i Os

– Kjem du til å kjøpa pannekake no som du har 2.000 kroner i gåvekort å handla for?

– Det kjem eg til å gjera. Ungane skal også få seg ein pannekake, men eg kjem nok ikkje til å bruka alt på pannekaker, seier ho og ler.