Vann: Vinnaren vart trekt frå senteret sin kundeklubb-medlemer.

Vann trekking: Får køyra rundt i dette gliset i eit halvt år

Amfi Os inviterte til fest torsdag kveld.

Med Tore Kleppe som konferansier og Kjetil Osablod Grønvigh som DJ, inviterte Amfi Os torsdag kveld til fest på kjøpesenteret.

Avduking: Her vert bilen avduka.

På programmet stod lett servering frå Café Glede og ein forsmak på Drageset-butikken si 50-årsfeiring. (Sjølve feiringa for jubilanten startar i morgon, fredag, journ.mrk.)

Artikkelen held fram under annonsen.

Høgdepunktet for mange var likevel trekkinga av bil-«lotteriet».

Glede: Café Glede stilte med fingermat.
Konferansier: Tore Kleppe hadde jobben som konferansier.

Heilt sidan i sommar har ein knall gul Ford Mustang Mach-E stått parkert på Amfi Os. Stuntet, i samarbeid med Kverneland bil, er ein del av senterets feiring av ny E39.

Vinnaren vart trekt frå senterets kundeklubb-medlemer, og May Linn Røttingen er den heldige som no får køyra rundt i bilen i eit halvt år.