Smittsam fase: Vedkomande var i følgje kommunen på jobb i smittsam fase på ettermiddag/kveld laurdag 3. og søndag 4. april.

Var du på ErAn i helga? Ein tilsett ved vegkroa har fått påvist covid-19

Ein tilsett ved Er-An veikro på Røykenes har fått påvist covid-19.

Det opplyser kommunen onsdag.

Vedkomande var i følgje kommunen på jobb i smittsam fase på ettermiddag/kveld laurdag 3. og søndag 4. april.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er låg risiko for at besøkande kan ha blitt smitta i dette tilfellet. Men vi ber likevel om at alle som har besøkt restauranten i det aktuelle tidsrommet er ekstra merksame på symptom, og har låg terskel for å testa seg, seier kommuneoverlege Klaus Melf til kommunen sine heimesider.

Er-An veikro held stengt fram til og med torsdag 8. april. Alle tilsette blir testa i dag, onsdag. Tre av desse blir rekna som nærkontaktar til den smitta, og er sett i karantene.

– Er-An har svært gode smittevernrutinar. Den tilsette har brukt munnbind og hanskar heile tida, og har ikkje hatt symptom. I samråd med Er-An, ber vi likevel besøkande om å følgje med og teste seg ved symptom, seier kommuneoverlegen vidare.