Smittesporing: Smittesporinga etter festen på Kuventræ der ein av deltakarane fekk påvist covid-19, held fram.

– Var du på festen? Gå i karantene og bestill test

– Var du på festen på laurdag? Gå i karantene og bestill test, oppmodar kommuneoverlege Klaus Melf.

Smittesporinga etter festen på Kuventræ der ein av deltakarane fekk påvist covid-19, held fram.

Les også
Fryktar større koronautbrot: Ein person med covid-19 tok del i ein stor fest i helga
Les også
Ein ven av den koronasmitta fortel at vedkomande har det tøft: — Har fått mykje hat

Alle som var på festen er rekna som nærkontaktar, og må gå i karantene og testa seg. Fram til negativ test ligg føre, må òg husstandsmedlemer vera i ventekarantene.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg ber òg føresette om å sjekka med borna sine om dei var til stades på den aktuelle festen, legg kommuneoverlegen til.

Husstandsmedlemer til nærkontaktane er òg i karantene til det første testsvaret er klart.

Nærkontaktar må i utgangspunktet vera i karantene i 10 dagar, men kan avslutta karantenen dersom ein kontrolltest tatt etter sju dagar er negativ

Les også
Stadfestar god hjelp frå festdeltakarar, men arbeidet med å få tak i ungdomane er krevjande
Les også
Digital undervisning måndag: – Vi prøver å samla trådane