Koronavirus: Var du innom Spar på Fjord´n Senter eller Bunnpris Eikelandsosen mellom måndag og onsdag i førre veke?

Var du på Spar på Fjord´n Senter eller Bunnpris i Eikelandsosen mellom måndag og onsdag i førre veke?

Ein person med påvist britisk mutasjon var innom butikkane i denne perioden. Kommuneoverlege Klaus Melf ber kundar vera obs ved symptom.

Ein person som fekk påvist den britiske varianten av koronaviruset i dag, fredag, skal ha vore innom Spar Eikelandsosen i Fjord'n senter og Bunnpris Eikelandsosen fleire gonger i perioden mellom måndag 12. og onsdag 14. april.

Vedkommande var då i smittsam fase.

Artikkelen held fram under annonsen.

Smittevegen er ukjend og sporing av nærkontaktar pågår.

— Dersom du har vore i desse butikkane måndag, tysdag eller onsdag denne veka, skal du vere ekstra merksam på eventuelle symptom og bestilla test om du mistenkjer smitte, seier kommuneoverlege Klaus Melf.