Endeleg: Sola skal vera på veg fram frå bak skydekket.

– Våren er for alvor på veg

Det er berre til å halda ut eit par dagar med halvgrått vêr, for etter det får vi minst ei veke med sol og null nedbør.

Dagen i dag vil vera grå med regnbyer. Vakthavande meteorolog ved Meteorologisk institutt, Lars Andreas Selberg, fortel at morgondagen vil by på mykje av det same.

– Det blir ikkje store endringa onsdag. Det er også mogleg at det kjem litt sludd eller snø, seier Selberg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Torsdag vil vêret endra seg. Det blir mindre skyer, og sola kjem fram.

– Det ser ut til å bli veldig fint i lang tid framover. Dei nærmaste dagane kan temperaturen gå ned til kring null grader, men midt på dagen blir det bli ganske bra. Det er lite vind i vente, og når sola no kjem, vil det bli varmt og godt i solveggen. Etter dei månadene vi har hatt, vil det gjerne også opplevast som varmare enn det er, seier Selberg, og viser til den gråe vinteren vi har vore gjennom.

Slik det ser ut no, vil temperaturen liggja på kring ti grader om dagen i helga. Neste veke kan det bli varmare.

– Prognosane hoppar litt att og fram. Det har vore nokre «køyringar» der prognosane har vist 15 grader. Dei siste seier kring ti grader i sola, seier Selberg.

– Våren er her, altså?

– Det vil eg seia. I alle fall for alvor på veg. Frå torsdag av og ei veke fram, er det ikkje venta nedbør. Det kan ofte vera vanskeleg å slå fast vêret ei veke fram i tid, men her er vi ganske sikre, seier Selberg.