Litt av kvart: Skya, glimt av sol, regn og mildt vêr er noko av det me kan venta oss inn i vinterferien.

Variert vinterferie-vêr-meny

Det blir mildt og roleg vêr i Bjørnafjorden i vinterferien. Men bortsett frå vind, byr meteorologane på det meste.

— Snø blir det nok ikkje under 700—800 meter, men litt skyer, litt regn, litt tåke, litt mildt og litt kaldt vêr kan me nok by på den neste veka, seier meteorolog Haldis Berge.

Best søndag og tysdag

På spørsmål frå Os & Fusaposten om forslag til dagar med godt turvêr, seier meteorologen dette:

Artikkelen held fram under annonsen.

— Då tenkjer eg at søndag og kanskje tysdag peikar seg ut. Begge dei dagane blir det lite nedbør og truleg også litt sol i området kring Bjørnafjorden. Laurdag blir det nedbør i mindre mengder. Det same på måndag.

— Kva med temperaturane?

— Det blir stort sett mildt dei første dagane i neste veke, men frå torsdag blir det kaldare. Då kan det også koma noko finare vêr, seier Berge.

Ho presiserer at det siste må ein ta atterhald om ettersom det per dags dato er ei stund til.

— Det kjem litt an på kva veg vinden snur framover, seier ho.