Hordaamatøren 2020: Var du på korpsarrangementet i Oseana laurdag 17. oktober må du vera merksam på koronasymptom.

Varslar alle deltakarar om koronasmitte etter korpsarrangement i Oseana

Kommuneoverlegen på Askøy ber alle deltakarar på Hordaamatøren i Oseana laurdag 17. oktober vera obs på koronasymptom. Éin deltakar har i ettertid har fått påvist smitte.

Korpskonkurransen Hordaamatøren 2020 gjekk av stabelen i Oseana laurdag 17. oktober med Os Musikkforening blant deltakarane. Konkurransen er kun for vaksenkorps.

I ettertid er det blitt påvist covid-19 hos ein av musikantane i Strusshamn Musikkforening. Heile korpset inkludert dirigenten er tekne ut i karantene og vil bli testa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ver obs ved symptom

Kommuneoverlegen på Askøy har gjeve uttrykk for at det er lite sannsynleg at smitta kjem frå arrangementet, gitt dei smittetiltaka som var iverksett.

Men NMF Hordaland ber alle som deltok i konkurransen om å fylgja med på symptom og ta kontakt med lege ved mistanke om smitte.

Det skriv NMF Hordaland i ein e-post som er sendt til alle deltakande korps.

Smittevernlegen informert

Assisterande kommuneoverlege Jonas Nordvik Dale i Bjørnafjorden kommune stadfestar at han har blitt informert om saka av kommuneoverlegen på Askøy.

— Det er viktig å seia at vi ikkje kjenner til nokon smitte hos deltakarane frå vår kommune. Her er det Askøy som driv smittesporing og som har vore i kontakt med arrangør.