NVE)
NVE)

Varslar fare for flaum og jordskred i Os og Fusa

Faren er størst frå laurdag ettermiddag til mandag morgon.

NVE sende fredag ettermiddag ut varsel om flaum og jordskred på oransje nivå for midtre og indre delar av Sogn og Fjordane og Hordaland. Frå laurdag ettermiddag kan det koma opp mot 100 mm nedbør på 24 timar.

Temperaturen kjem til å mellombels stiga, noko som fører til smelting av snøen som kom i fjellet torsdag.

Det er usikkert kva område som får mest nedbør, men skredfaren er størst der bygene treff.

Som alltid er bratte skråningar, bekkar og elveløp med stor vassføring mest utsett. Folk bør halda seg unna slike område så sant det er mogleg.

På NVEs kart kan ein tydeleg sjå at skiljet mellom gult (det lågaste farenivået journ. mrk) og oransje farenivå (det nest høgaste, journ.mrk.), går midt i Bjørnafjorden mellom Os og Fusa.

Dermed er faren for flaum og skred høgare i Fusa enn i Os.

NVE rår folk om å halda seg oppdatert om utviklinga av vêret, skred- og flaumsituasjonen, og å fylgja vêrradaren.

anne-marie@osogfusa.no