Rekkverk: På E39 Kalandseidet skal Statens vegvesen riva eksisterande rekkverk og montera nytt. Foto: Skjermdump

Varslar manuell trafikkdirigering ved Kalandseid

Statens vegvesen skal montera nytt rekkverk.

På E39 Kalandseidet skal Statens vegvesen riva eksisterande rekkverk og montera nytt. Arbeidet startar i natt og vil pågå fram til 6. oktober. Arbeidstida vil vera frå kl 21 til kl 06.00. Det opplyser Statens vegvesen i ei pressemelding.

Det blir manuell trafikkdirigering når arbeidet pågår.