Skal ta seg opp: Mykje regn og også ein del vind kan koma til å prega ettermiddagen.

Varslar mykje regn og vind: Politiet kjem med oppmoding

Regnet og vinden skal auka på utover dagen.

I går vart det sendt ut farevarsel og det er meldt mykje regn og vind utover dagen.

Politiet har gått ut på Twitter og bede folk sjå til at ikkje is, rusk eller rask ligg over sluk og nedløp på og ved eigedomen din.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei bed deg også sjekka at det ikkje er lause gjenstandar, presenningar, bossekkar og anna som vil flagra av garde i vinden.

Yr.no skriv konstaterer at det nett no faktisk kan verta opplett i nokre timar, før nedbøren frå Nordsjøen vil koma innover kysten.

– Vil du ta deg ein spasertur utan å verta våt, er det berre til å gjera det no, oppmodar dei.

Regnet skal auka på frå tidleg ettermiddag og vara fram til første del av laurdagen.

– Lokalt kan det koma mellom 60 og 80 millimeter nedbør, og mesteparten kjem i løpet av 12 timar, opplyste vakthavande statsmeteorolog, Aslaug Skålevik Valved, torsdag om kva vi har i vente vesle nyttårsaftan.

Snøgrensa vil ifølgje meteorologen liggja på 400–600 meter først på dagen, før han aukar til 600–800 meter.

– Enkelte stader vil nedbøren først koma som snø, før han etter kvart går over til regn. Det kan også bli is på vegane som følgje av at regnet frys på kald bakke, sa Valved torsdag.

Ver førebudd på utfordrande køyreforhold i område kor snø går over til regn, skriv Meteorologane på Twitter.