Flo: Slik såg det ut på Sævareid på dagtid måndag. Vatnet skulle stiga endå meir utover kvelden i går.

– Vatnet tok seg inn i mange naust

Trass i høgvasstand, ser det ut til å ha gått relativt bra på Fusa-sida av Bjørnafjorden kommune.

– Det var veldig høg vasstand, og vatnet tok seg inn i mange naust, fortel vakthavande på Fusa-sida av Bjørnafjorden kommune.

Vakta fortel at han ikkje har blitt kalla ut på oppdrag i samband med den høge vasstanden, men at det ikkje vil seia at vatnet ikkje kan ha gjort skade.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det lysnar ute no, og det kan vera at nokon får seg eit sjokk på morgonkvisten.

Heller ikkje på Os-sida, har det vore mange oppdrag å snakka om. Brannvesenet rykte ut til ei privatadresse på Osøyro. Der hadde vatnet teke seg inn i kjellaren.

– Det var om lag fem centimeter høg vasstand i kjellaren, fortel vakthavande ved Bjørnafjorden brann- og redning, Martin Østgulen Svendsen.

Det har også kome inn ei melding om vassinntrenging i ein kjellar i Os sentrum tidleg tysdag morgon.