Ny kampanje: Etter å ha gjennomføre kontroll fleire stadar, er vegvesenet straks i gang med kampanjen «Svart belte i buss».

Vegvesenet vil gi deg «svart belte i buss»

Over 7.000 busspassasjerar vart kontrollerte for beltebruk førre veke, der 354 sat utan belte. No lanserer vegvesenet kampanjen «svart belte i buss».

Etter kontrollveka held fokuset fram i digitale medium med ein heilt ny kampanjefilm som er inspirert av filmklassikaren «Karate Kid».

– Med denne filmen har vi prøvd å skapa vår eigen svart-belte-helt, og fortelja historia om reisa frå beltelaus til svart belte, derav namnet «Svart belte i buss», seier prosjektleiar Ingvild Ryengen-Bjerke i Statens vegvesen

Artikkelen held fram under annonsen.

Med den nye kampanjen håpar vegvesenet at folk lettare hugsar å bruka belte i buss.

Det blir stadig gjennomført kontroll på bruk av belte i buss. Totalt 7.293 passasjerar vart kontrollerte førre veke. 1.562 av dei i Vestland, 1.044 i Viken og 1.033 i Agder.

– Målet vårt er at flest mogleg skal bli meir klare over beltebruk også i buss, og vi ønskjer at det blir til ein god vane, på lik linje som å bruka belte i bilen, seier Ryengen-Bjerke.