Politioverbetjent Audun Hadler-Olsen rår folk til å ta kontakt med bank eller post dersom ein får fakturaar som ser mistenkjelege ut.
Politioverbetjent Audun Hadler-Olsen rår folk til å ta kontakt med bank eller post dersom ein får fakturaar som ser mistenkjelege ut.

- Ver sunt skeptisk

I sosiale medium klagar folk stadig oftare på svindelforsøk på mail, telefon og SMS. Audun Hadler-Olsen råder folk til å vera sunt skeptiske.

Dei siste månadene har «Os og Fusaposten» observert at mange innbyggjarar i Os og Fusa har klaga over å ha blitt utsett for svindelforsøk på mail, telefon og SMS. På Facebook har fleire reagert på at ein til og med kan bli lurt når ein får mail frå det ein trur er kjente instansar.

- Dette får me stadig klagar og bekymringsmeldingar på. Dei par siste åra har problemet så absolutt blitt meir omfattande, seier politioverbetjent ved Os lensmannskontor, Audun Hadler Olsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han seier at dei prøver å etterforska og følgja spor så lenge svindelforsøka vert utført her i Noreg, men når spora fører utanlands, blir det for omfattande å gjera noko med.

- Me har tilfelle av svindelforsøk på Finn.no og slikt. Då kan me gjerne vera til hjelp, men når det er nokon som ringjer opp frå Microsoft, frå eit land langt ned på kontinentet, er det vrient for oss å hjelpa, seier Hadler Olsen.

Ring instansen

Politioverbetjenten skjøner at folk lett kan lata seg lura.

- Me har fått klagar frå folk som har blitt utsett faktura-krav på skriv som ser heilt identiske ut til dei «Posten» i Noreg brukar å senda. Eller skriv frå banken der ein vert beden om å fylla ut bankopplysningane på ny fordi det er skjedd ein feil i stystemet, seier Hadler-Olsen.

Han har følgjande råd til folk som får E-mailar eller SMS-ar med førespurnadar som dette:

- Først av alt: Ver sunt skeptisk til alle slike skriv. Tips nummer to er å ringja til den instansen ein får mail eller SMS frå. Det skadar ikkje å ta ein telefon. Spør om posten eller banken har sendt deg eit skriv, så får ein fort svar på om ein er utsett for eit svindel-forsøk eller ei, seier Hadler-Olsen.