Kan vinna Oscar: Låta Aurora Aksnes bidreg på i «Frost 2», «Into the Unknown», kan vinna Oscar for beste originalsong. Biletet er frå konserten hennar i Oseana i desember. Foto: Camilla Kvamme

VG: Aurora med på Oscar-nominert låt

Låten «Into the Unknown», sunge av Idina Menzel og Aurora Aksnes, er blant dei nominerte til Oscar-utdelinga 9. februar.

Det skriv VG.

Måndag kunngjorde Oscarakademiet kva filmar og filmskaparar som er nominerte til filmprisutdelinga 9. februar.

I samband med kunngjeringa vart det klart at låten osingen Aurora Aksnes syng på i «Frost 2», «Into the Unknown», er blant dei nominerte i kategorien «Beste originalsang».

Songane Aurora og Idina Menzel konkurrerer mot, er:

• «I Can't Let You Throw Yourself Away» frå «Toy Story 4»

• «(I'm Gonna) Love Me Again» frå «Rocketman»

• «I'm Standing With You» frå «Breakthrough» og

• «Stand Up» frå «Harriet»