For dyrt: Statssekretær Atle Hamar (V) i Klimadepartementet seier til VG at Vestlandets prestisjeprosjekt for å bli kvitt ferjeavhengigheita, «Ferjefri E39» frå Kristiansand til Trondheim, blir for dyrt og kan bremsa viktig klimateknologi.

VG: - Vil vraka ferjefri E39 for klimasatsing

VG skriv onsdag at Venstre meiner regjeringa heller bør bruka den enorme prislappen på klimateknologi, og at partiet får støtte i opposisjonen.

Statssekretær Atle Hamar (V) i Klimadepartementet seier til avisa at Vestlandets prestisjeprosjekt for å bli kvitt ferjeavhengigheita, «Ferjefri E39» frå Kristiansand til Trondheim, blir for dyrt og kan bremsa viktig klimateknologi.

Venstre vil heller bruka pengane på viktig utvikling av nullutsleppsskip.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi kan rydda opp i dei forferdeleg dårlege vegane, og samtidig gjera Noreg verdsleiande innan grøn skipsfart, seier Hamar til VG.

Venstre for ifølgje avisa støtte frå SV, som uttaler at «når ein ser kva dette kostar, og ein ser den alternative satsinga ein heller kan få i gang, meiner eg at vi bør snu. Det er aldri for seint å snu, seier SV-nestleiar Torgeir Knag Fylkesnes.

Det var den raudgrøne regjeringa, med SV, som vedtok ferjefri E39 i 2013. I dag meiner partiet at gigantprosjektet er utdatert.