Sotbrann: Feiaren sjekkar skorsteinen og ser etter pluggar.

— Vi arbeider på staden no, men det ser ut til å ha gått bra

Innsatsleiar Morten Moberg opplyser at det er snakk om ein sotbrann.

I dag tidleg fekk brannvesenet telefon frå ein huseigar i Kuvågvegen.

Det kom nemleg gneistar opp frå skorsteinen på huset.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sotbrann: Huseigaren melde sjølv frå om at det kom gneistar ut av skorsteinen.
Sotbrann: Kuvågvegen ligg naturleg nok i Kuvågen.

— Det er snakk om ein typisk sotbrann. Når slikt skjer, er det heilt riktig å kontakta brannvesenet, seier innsatsleiar Morten Moberg i Bjørnafjorden brann og redning.

I skrivande stund er dei på staden for kontroll, medan feiaren er oppe på taket og undersøker skorsteinen.

— Det ser ut som om alt går bra. Det er heilt roleg her. Skulle vi finna ein plugg i skorsteinen, så må vi feia den og få han ut av huset, fortel Moberg.

Han opplyser vidare at det har vore ein del sotbrannar i det siste.

Han presiserer dessutan at det folkelege begrepet pipebrann er misvisande, i og med at det ikkje er pipa, men soten som brenn.

— Det er heilt typisk når det blir kaldt. Med høge straumprisar fyrer folk gjerne litt ekstra.