Ønskjer «heimlege namn»: Det amerikanske konseptet har slått godt an i Noreg. Språkrådet ønskjer at Black Friday og Black Week no skal ha heimlege namn.

Vil ha norske namn på Black Friday og Black Week

Black Week og Black Friday er amerikanske konsept som har slått godt an i Noreg. No vil Språkrådet at dei skal ha heimlege namn.

– Eg tykkjer det er viktig fordi dei no har blitt etablerte i Noreg. Black Friday og Black Week har blitt ein årleg tradisjon i november. Det er på tide at dei får eit norsk namn, seier seksjonssjef Daniel Gusfre Ims i Språkrådet til NRK Vestfold og Telemark.

Denne fredagen heng plakatar med annonsar om mykje rimelegare tilbod enn det er til vanleg på fleire varer. Det er stor sannsyn for at dei står på engelsk. Språkrådet ser på trenden som negativ for norsk språk.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Enkelte engelske ord er ikkje avgjerande. Men når det stadig kjem nye ord som blir brukte i staden for norske ord, vil statusen og kjennskapen til å utvikla norske namn og omgrep bli svekt, seier Ims.

Språkrådet meiner særleg dei store handelskjedene bør ta initiativ til å finna norske namn og visa at dei tek ansvar for å ta vare på språket. Men det å finna ut kva det norske omgrepet skal vera, er ikkje ei lett oppgåve.

Ein ser eksempel på ei direkte omsetjing til «Svart Fredag» og «Svart Veke». Ims seier at andre land har ulike namn på dagane, som til dømes i Canada der det heiter «Galefredag». Førebels har ikkje Språkrådet bestemt seg for kva dei meiner er det beste norske namnet på konseptet.

(©NPK)