Meldingane går på at dei køyrer fort, på eitt hjul og på fortau.
Meldingane går på at dei køyrer fort, på eitt hjul og på fortau.

Villmannskøyring på Nore Neset

Politiet har fått fleire klager den siste månaden om hasardiøs køyring med mopedar og lettmotorsyklar på Nore Neset.

– I går fekk vi melding i 22-tida, og vi har fått fleire slike meldingar den siste månaden. Meldingane går på at dei køyrer fort, på eitt hjul og på fortau. UP er varsla om problemet. Vi var ute og såg etter dei i går, men fann dei ikkje, seier politioverbetjent, Audun Hadler-Olsen og legg til:

– Vi har tips om kven dette er. Vi veit at det er lokale som køyrer stygt. Vi vil oppmoda til å bruka fornuft og til å følgja vegtrafikklova. Køyringa som er skildra, er grunnlag for førarkortbeslag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Brot på besøksforbod

Ein mann i 40-åra, som har brote besøksforbod tidlegare, gjorde det igjen tysdag.

– Vi fekk melding frå eks-dama hans. Ei kvinne i 30-åra. Politiet rykte ut og trefte mannen i nærleiken av bustaden. Han er meldt for forholdet og han blei vist bort frå staden, seier Hadler-Olsen.