For eitt år sidan fall Sverre Lunde Pedersen frå allround-VM-gullet. I år var Patrick Roest berre betre enn osingen.
For eitt år sidan fall Sverre Lunde Pedersen frå allround-VM-gullet. I år var Patrick Roest berre betre enn osingen.

VM-sølv til Sverre Lunde Pedersen

– Eg gjorde det eg kunne. Det var ikkje meir å gje, sa osingen etter at 10.000-meteren var over.

Sverre Lunde Pedersen måtte henta 4,5 sekund på Patrick Roest. Det viste seg å bli for tøft. Roest hadde også fordel av å gå i siste par, og gå etter tidene til osingen. Diverre leverte ikkje Lunde Pedersen eit superløp i kveld. Han kom i mål på tida 12.56,91. Roest måtte då koma i mål innan 13.04,43 hadde gått. Det klarte han med god margin med 12.51,17.

– Eg er nøgd. Målet var å vinna, men Roest var litt for sterk. I fjor var det litt spesielt, men det var en fullt fortjent vinner i år, sier Sverre Lunde Pedersen til NRK.

Artikkelen held fram under annonsen.

 

Lunde Pedersen kom på pallen på samtlege distanser. Tredjeplassen på 500-meteren var ny personleg rekord. Osingen følgde opp med tredjeplass på 5.000 meter laurdag, før han i søndag vann 1.500-meteren. Etter tredjeplassen på 10.000-meteren hamna han på sølvplass.

– Draumen om allround-gull lever framleis. Eg er veldig nær, og eg har vore stabilt veldig bra denne sesongen. Eg skal jobba for å ein dag stå på toppen, sier sølvvinnaren.