Harald Natvik frå Os vidaregåande skule.
Harald Natvik frå Os vidaregåande skule. Foto: Anna Skaathun Epland

Ei reise for livet

- Det er ikkje det vonde eg vil vise dykk her nede i Chisinau. Nei, det er håpet i Moldova eg vil at de skal ta med dykk heim. Eg skal visa dykk at dette er eit land de fort blir glade i, seier Hans Bjørn Bakketeig til spente elevar frå Os og Fusa.

Natt til tysdag 4. september reiste syv vidaregåande elevar med fem lærarar frå Os og Fusa til Moldovas hovudstad Chisinau for å sjå Hans Bjørn Bakketeig sitt arbeid i samanheng med Hjelp Moldova - for tredje år på rad.

Her fekk elevane se litt av kva arbeidet består i og kva innsamlingspengane går til.

Store planar

I løpet av turen fekk elevane sjå Bakketeig sitt ny-renoverte senter for synshemma i Chisinau. Denne fornyinga har vore ein suksess - senteret har gått frå eit trongt og overfylt rom på 18 kvadrat til fire lettare og lysare rom som har bidratt til ein lettare arbeidsdag og betre behandling for pasientane. Og pasientar er det mange av.

Bakketeig fortel om at i Moldova finst det over 100.000 diabetikarar. 50.000 av desse er i fare for å bli synshemma dersom dei ikkje blir behandla.

Her har Bakketeig heldigvis store planar. I tillegg til renovering har senteret nyleg fått inn splitter nytt avansert utstyr, og med den nye maskinen skal dei kunna sjekka alle dei 50.000 pasientane.

- Når denne endeleg blir slått på, vil eg at den skal gå døgnet rundt for å skjekke pasientar, seier Bakketeig.

Tre synshemma familiar

I tillegg fekk skuleelevane treffa tre familiar som Bakketeig har kontakt med gjennom senteret.

Den første familien som elevane fekk besøkja var ein familie på 13 der 11 personar er synshemma.

Dei fleste her har tidlegare hatt syn og vore i stand til å studera og jobba, men no er det berre eitt familiemedlem som er i arbeid. Då elevane spurte kva deira største ynske var, svarte ein: "Å få tilbake synet mitt, slik at eg kan jobba".

Bakketeig og kollegaen Tatiana Ghidirimshi kjøpte tradisjonen tru inn diverse mat- og daglegvarer til familien, og delte dette ut i lag med kleda som elevar og lærarar hadde tatt med seg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Delvis blind i eit par minutt

Neste besøk var hos familien til Daniel på 10 år. Daniel har 0,03% syn, og har gitt han store utfordringar opp igjennom åra. Då han var i skulepliktig alder, var det ingen skular som ville ta imot ein svaksynt gut. Slik vart han sendt til ein internatskule for blinde og svaksynte, men her likte ikkje Daniel seg. Det var langt heimanfrå, og han ville vera heima med familien sin.

No, etter å ha kome i kontakt med senteret, har han fått briller, lupe og lese-TV som skal hjelpa han gjennom skulens tøffe kvardag. For sjølv i lokalskulen har det ikkje vore lett - ifølge Bakketeig har det vore antyding til mobbing i klassen. Her hadde han likevel ein lur idé.

Bakketeig og teamet dukka opp på skulen ein dag med simulerande briller som skulle visa klassekameratane til Daniel korleis det er å ha dårleg syn. Etter det har klassen hatt betre forståing for situasjonen hans, og han vert mindre mobba.

Støttar augeoperasjon på 10.000 kroner

Den siste dagen i Moldova besøkte elevane ein familie på fire i byen Basarabeasca, der tre var synshemma. Faren er heilt blind, medan mora og den 10 år gamle sonen Damian er svært svaksynte. Med ei dotter i 3-årsalderen, heldigvis fri for synsvanskar, har denne familien ein utfordrande kvardag.

Å vera del av ein synshemma familie utan jobb og dårleg råd er ikkje ein dans på roser. Det er sjeldan Bakketeig har sett Damian smile i løpet av alle gongene dei har helsa på kvarandre, men då elevane frå Os og Fusa kom inn i leilegheita med ein pose full av såpebobler og byrja å leika med han og veslesøster Jelena, gliste og lo han hjerteleg gjennom heile besøket.

Damian held på å mista synet og skal snart opererast ved synssenteret. Dei har linsene klare, men ventar framleis på utstyr som trengst før operasjonen kan setjast i gang.

Teamet til Bakketeig har lagt ut 10.000 kroner for å få gjennomført operasjonen, noko som hadde vore vanskeleg utan sponsorar. Han fortel at han trur at operasjonen desverre ikkje kjem til å betra synet til Damian, men at den forhåpentlegvis vil hindra det frå å bli verre.

Osingane og fusingane hadde med seg leikar og klede også til Damians familie, noko dei trengte sårt. Nyleg har Hjelp Moldova òg vore med på å renovera leilegheita deira for å gjera det til ein varmare og reinare stad å bu, og ordna til etterlengta, fungerande kjøkken og bad.

Gøymer bort dei hjelp

Turen bydde òg på eit besøk til barnehage 74, ein barnehage for multifunksjonshemma i Chisinau, rett rundt hjørnet frå Bakketeig sitt synssenter.

- Å være funksjonshemma i Moldova, det er jammen ikkje lett, fortel Bakketeig.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er det heller ikkje for foreldra til dei funksjonshemma ungane. Borna blir ofte separert frå andre born dersom det blir oppdaga at dei ikkje er som alle andre. Handikap blir sett på som ein skam, og borna blir ofte gøymde bort heller enn å gje dei hjelp. Difor finst det mange liknande barnehagar rundt om i landet.

I barnehagen finst det rundt førti til femti born frå 2-7 år. Bakketeig har sjekka synet til oppimot femten av borna, men har planar om å få sjekka alle saman.

Langt igjen

Elevane fekk også sjå institusjonen for funksjonshemma i byen Orhei. Her bur det rundt 250 utviklingshemma gutar og menn frå 7 til 40 år. Dei fysiske forholda i institusjonen er forholdsvis bra - det er positivt å merka at mykje har utvikla seg frå Hjelp Moldova starta arbeidet sitt her, men framleis er det ein lang veg å gå.

Då elevar og lærarar spurde kva dei skulle ta med seg for å gje til institusjonen, svarde Bakketeig: "Alt. Dei treng absolutt alt mogleg. Spesielt varme klede". Han og elevane er einige i at det ikkje finst nok aktivitet og kjærleik i desse gutanes liv.

Kaffiselskap med drapsdømde

Den siste institusjonen elevane frå Os og Fusa fekk besøkja i løpet av den fire dagar lange turen, var kvinnefengselet i Rusca, det einaste fengselet for kvinner i Moldova. Her var det lite plass - i nokre tilfelle var 6 kvinner nøydde til å bu i lag på eit tre- eller tomannsrom.

Kvar 3. månad kan dei innsette få besøk av familie i opp til tre dagar, eller eit lite besøk ein gong i månaden. Dersom dei får born, har borna moglegheit til å bu i lag med mora fram til dei er 3 år gamle.

Gruppa hadde med seg kake og brus, og prata med fangane om korleis det var å leva i fengsel, og korleis dei hadde hamna der. Dei fleste sat inne i samanheng med drap.

Elevane er no vel heime att med ei oppleving ingen av dei kjem til å gløyma.

Med seg hadde dei også orda frå Bakketeig under avslutningsmiddagen:

- Dette er berre ein brøkdel av det me held på med.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er ingen tvil om at behovet for hjelp er stort, og Hjelp Moldova med Hans Bjørn Bakketeig i spissen gjer ein uvurderleg jobb.