Tarjei Engesæth og Gro Helen Blindheim Skjælaaen har store hjarta for små menneske.
Tarjei Engesæth og Gro Helen Blindheim Skjælaaen har store hjarta for små menneske.

Tarjei og Gro Helen om tweens-arbeidet: – Det treng ikkje vera stort for å vera kult.

Frå fredag til laurdag har det vore full rulle med tweens-leir i Os misjonskyrkje.

Det summar rundt frukostborda i Os misjonskyrkje. Litt meir enn 40 born i alderen 10-12 år er på tweens-leir i Os misjonskyrkje sine lokaler i Kolskogen.

Medan jentene har sove på to store rom i kjellaren, har gutane lege i den store møtesalen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg veit eigentleg ikkje om eg har sove så mykje i natt. Eg trur kanskje ikkje det, ler Ingrid Oltedal Lunde.

Inspirerer kvarandre

Ingrid og nokre av dei andre rundt frukostbordet, er fast med i Tweens Sing i Nore Neset kyrkje.

Til saman er dei 10-12 stykker. Om lag like mange er fast med på Tweens-kveldane i Os misjonskyrkje annankvar fredag.

Fri dans er populært.
Fri dans er populært.
Dei eldste gutane er med som hjelpeleiarar i helga.
Dei eldste gutane er med som hjelpeleiarar i helga.
Kven kan sparka flest sko opp på krakkane? Gutelaget stod att med åtte sko til slutt.
Kven kan sparka flest sko opp på krakkane? Gutelaget stod att med åtte sko til slutt.
Jentene sparka det dei var gode for, men ingen sko ville slå seg ned på krakkane.  Dermed vart det siger til gutelaget.
Jentene sparka det dei var gode for, men ingen sko ville slå seg ned på krakkane. Dermed vart det siger til gutelaget.
Denne gjengen hadde ikkje sove for mykje natta før, men humøret er på topp.
Denne gjengen hadde ikkje sove for mykje natta før, men humøret er på topp.
42 born ser på «oppvarmings-film» medan dei ventar på at morgonsamlinga skal byrja.
42 born ser på «oppvarmings-film» medan dei ventar på at morgonsamlinga skal byrja.
Og som alltid på leir har eit par av gutane slått seg ned i sofakroken bakerst i møtesalen.
Og som alltid på leir har eit par av gutane slått seg ned i sofakroken bakerst i møtesalen.
Sang og dans høyrer med.
Sang og dans høyrer med.
Soul Children-låtar med dansemoves på storskjerm fekk opp pulsen. «Leirpastor» Viggo Klausen står i midten bak.
Soul Children-låtar med dansemoves på storskjerm fekk opp pulsen. «Leirpastor» Viggo Klausen står i midten bak.

Då kyrkjelydspedagog i Os kyrkje, Gro Helen Blindheim Skjælaaen, og Tweens-sjef i Os misjonskyrkje, Tarjei Engesæth, «oppdaga kvarandre», kom dei på ideen om å samla heile gjengen til ein mini-leir.

– Vi trudde det berre ville bli ein liten gjeng, men dei er flinke til å be med seg vener, så til slutt vart vi 42 stykker, ler dei.

Fått nye vener

Rundt frukostbordet til Ingrid, er også Astrid Blindheim Skjælaaen, Knut Hernes Havåg, Kristin Ogwu Hesjedal, Susanna Smedegård, Dorthea Levine Nedrum Hummelsund og Marie Hallesby Evjedal.

Ingen av dei har sove spesielt mykje, men praten går som på ein sanitetsbasar.

– Eg kjende ingen av desse her før i går, men no kjenner eg alle, seier Susanna.

Artikkelen held fram under annonsen.

Jentene kjem frå fem ulike barneskular i Os, men ein skulle tru dei gjekk i same klasse.

Dei fortel at dei har leika leikar, spelt frisbee og ete taco.

– Det var litt vanskeleg sidan eg fekk streng på tenna på torsdag, seier Marie.

– Eg har hatt streng i eit heilt år, ler Kristin.

Den eine guten rundt bordet, Knut, synest jentene er veldig greie.

– Han er veldig velkomen til å sitja her med oss, seier dei.

Morgonmøte med popkornbøn

Etter frukost samlast heile gjengen til morgonmøte. Barnepastor Viggo Klausen, som er på besøk denne helga, snakkar om popkorn-bøner, skaparverket og Gud som kunstnar.

– Akkurat som popkorn i panna berre lagar eit lite popp og så er ferdig, så kan vi be ei setning høgt og vera ferdig, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Innimellom er det dans, leik og sang. Og til slutt skal dei kåra dagens heldiggris.

– Viggo er kjempeflink. I går kveld heldt vi på i over ein time, og ungane var heilt med likevel. Det er nesten absurd at det går an, seier Gro Helen imponert.

Nye er velkomne

Tarjei synest det er veldig kjekt å opna kyrkja for borna. Og nye er alltid velkomne.

– Vi er ikkje alltid så mange på tweens-kveldane våre, men det må ikkje alltid vera så stort for å vera kult, meiner han.

– Fordelen med å vera litt færre er at borna kjenner seg trygge og tør å vera opne og personlege. Andre gonger er det superinspirerande å vera mange. Som i dag, ler han.

anne-marie@osogfusa.no