Ny test: I morgon skal Anders og dei tre andre han bur i lag med under treningsleiren på Tenerife - Christian Sørum, Hendrik Mol og Mathias Berntsen, testast på nytt. Foto: Privat foto

Anders Mol har testa positivt på korona. Kan få følgjer for Noregs lag i OL

Det skriv VG onsdag.

– Det er ein helt tragisk situasjon, seier Kåre Mol til VG.

Anders skal vera heilt utan symptom, og pappa og trenar Kåre håpar i det lengste at det er snakk om ein falsk positiv test.

I morgon skal Anders og dei tre andre han bur i lag med under treningsleiren på Tenerife - Christian Sørum, Hendrik Mol og Mathias Berntsen, testast på nytt.

– Det gjer at ingen av dei får spela runde to i OL-kvalifiseringa som tek til i Madrid på fredag. Det kan bety at vi mister ein plass for Norge 2 i Tokyo, konstaterer Kåre Mol til VG.

Men Sørum og Mol er allereie kvalifiserte.