For ei merittliste: Merittlista til Anders Mol og Christian Sørum vert berre meir og meir imponerande.

Anders Mol og Christian Sørum tok sitt tredje EM-gull på rad

Anders Mol og Christian Sørum møtte Russland i EM-finalen i Jurmala i Latvia søndag.

Sandvolleyball-duoen tok søndag sitt tredje EM-gull på rad. Sigeren kom mot andreseeda på verdsrankingen, Vjatsjeslav Krasilnikov og Oleg Stojanovskij.

Noreg fekk ein tøff start og låg under både 4-1 og 7-3 i første sett. Men duoen tok seg meisterleg inn att og vann 21-19 etter ei tett og jamn avslutning på settet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Andre sett vart på langt nær like jamt, og Noreg hadde god kontrol heile vegen, og kunne med 21-15-siger i siste sett, inkassera sitt tredje EM-gull på rad.

Mol og Sørum har no blant anna tre EM-gull, VM-bronse, siger i prøve-OL og 10 sigrar på rad i verdsserien på merittlista.

Les også
Tre gongar Mol på idrettsgallaen – for andre år på rad.
Les også
Forsvarte EM-gullet
Les også
Tok sitt tiande gull i verdsserien i Wien