Vanleg fotballtrening: For born og unge under 20 år blir det heilt vanlege fotball- og handballtreningar denne veka.

Borna kan trena som vanleg i veka som kjem

— Me vert litt forvirra av alle desse tiltaka, men no har me konferert med Jonas Nordvik Dale og fått på det reine at barneidretten går sin gang, seier Eirik André Hesthamar.

Den daglege leiaren i Nore Neset IL har vore på hytta si på Kvamskogen i helga. Søndag morgon vakna han opp til nye retningslinjer for smittevern i heimkommunen Bjørnafjorden. Dermed starta han å lesa seg opp.

— Me som er leiarar i idrettslag må jo halda oss godt oppdaterte, men det er ikkje alltid så lett å tolka desse reglane. I dag har eg hatt Endre Brenne frå Os Fotball på tråden. Me pratar mykjer i lag og prøver i desse situasjonane å finna ut om me har oppfatta tiltaka likt, fortel Hesthamar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vanleg trening, ikkje koronafotball

Litt ut på dagen var NNIL-leiaren i kontakt med assisterande kommuneoverlege, Jonas Nordvik Dale.

— Me fekk stadfesta at det er ope for vanleg trening for born og ungdom under 20 år. Nordvik Dale kunne også seia at ein til dømes innan fotball og handball kan trena som normalt med kamprelaterte øvingar. Altså at ein ikkje må ha såkalla koronafotball utan nærkontakt, seier Hesthamar.

Han nyttar høvet til å senda ei helsing til Nordvik Dale via lokalavisa.

— Eg må berre få seia at Jonas har vore strålande i heile denne koronatida. For oss innan idretten har han vore uvurderleg. Me er stundom i villreie om korleis me skal tolka ting. Jonas er på svararen med ein gong. Alltid hjelpsam og tilgjengeleg. Han fortener ein stor bukett, skryter Hesthamar.