Tre raude kort: Det hagla raude kort mot slutten.

Dramatikk i Lysefjorden: Slakta sitt eige lag etter surt poengtap på overtid

Lysekloster såg ut til å ta tre poeng i heimekampen mot Lyn, men måtte ta til takka med eitt.

— Førsteomgangen frå vår side, er fullstendig katastrofe, seier Lysekloster-trenar, Ruben Hetlevik.

Det var ikkje flust i sjansar i oppgjeret, før Lysekloster-keeper Vitaly Melnichenko fekk ei for hard berøring på ballen, og kasta seg inn for å unngå at ein Lyn-spelar snappa ballen. Det enda med straffespark og gult kort til Melnichenko. Jo Nymo Matland var sikker frå kritmerket.

Artikkelen held fram under annonsen.

Melnichenko hadde stor skuld i 0-1-skåringa, men han viste seg frå ei betre side ved eit par høve seinare i omgangen. Han stoppa to forsøk som begge såg ut til å bli skåringar.

Hedda inn utlikninga: Ronny Rojas (t.v.) utlikna for heimelaget etter vel 40 minutt.

Rett etter skåringa hadde Marius Bildøy ei gyllen moglegheit til å utlikna. Keeper var spelt ut, men på strek stod Nymo Matland, som fekk hovudet på ballen og klarerte til corner.

Fem minutt før pause kom utlikninga, på heimelaget sitt andre forsøk for kvelden. Ronny Rojas sette ballen kontant i mål med hovudet etter eit hjørnespark. Fem minutt seinare — rett før pausesignalet gjekk — snudde heimelaget kampen. Eit presist innlegg frå Tim Nilsen fann hovudet til Christian Dahl og 2-1 var eit faktum.

Jubla for tidleg: Tobias Heltne Alme var sikker på at lagkamerat Christan Dahl sette inn 3-1, men avslutninga gjekk overraskande nok utanfor.

Det var ei anna innstilling frå heimelagets spelarar etter kvilen.

— Hadde vi ikkje klart å heva oss etter den førsteomgangen, kunne vi berre ha slutta å spela fotballkampar. Vi skal ikkje bli tatt på energi og duellkraft. Vi må vinna kampar som dette om vi skal kunna rykkja opp, seier Hetlevik.

Særleg rundt timen spelt, var det feite sjansar for heimelaget. Lyn redda på strek, og Nilsen skaut stong ut på eit frispark. Den største sjansen fall til Dahl.

— Eg gadd ikkje sjå på at han avslutta ein gong. Ballen var i mi verd alt i mål, seier Hetlevik.

Ampert: Det blei ampert på sidelinja då bortelaget utlikna.

Joachim Westrheim finta vekk ein forsvarsspelar før han avslutta. Keeper gav retur, og ballen hamna i beina til Dahl som stod på seks meter. Målet stod og gapte. Ballen rulla utanfor.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nokre få minutt før full tid starta dramatikken for alvor. Det hadde gjennom kampen vore nokre taklingar med stor kraft. Det skulle koma ei til. Det såg ut til at Lyn skulle få frispark på kanten. Til og med Lysekloster-spelaren stoppa opp, men spelet gjekk vidare. Kort tid etter, kasta Lyn-kaptein Dan-Roger Roland seg inn med stor kraft, og takla ein Lysekloster-spelar. Då rann det over for fleire. Det heile ende med at Ronny Rojas — som hadde blitt byta ut og var på benken — fekk sitt andre gule kort. Han kom inn på banen då tumultane oppstod. I tillegg fekk Lyn-kapteinen sjå det raude for taklinga si. Lysekloster-kaptein Tobias Heltne Alme fekk også raudt kort, for måten han reagerte på etter taklinga. Hetlevik hadde ikkje stor forståing for dei to raude korta til heimelaget.

— Eg er heilt ueinig i Tobias sitt raude kort. Vår spelar blir takla i knehøgde. Det må vera lov å reagera.

— Kva gjorde han?

— Han gjekk opp i ansiktet på Lyn-spelaren, som kastar seg i bakken. Dommartrioen bør vera rutinerte nok til å sjå kva han gjer, seier Hetlevik og legg til at han meiner at situasjonen kunne ha blitt handtert annleis av dommarane.

— Dei brukte så lang tid på å reagera på det som er eit tydeleg raudt kort til Lyn-spelaren. Det raude kortet burde ha kome opp med ein gong.

Det blei lagt til mange minutt som følgje av tumultane. Henrik Sperrevik, som hadde kome inn for heimelaget, fekk ein stor sjanse til å setja spikaren i kista, men diverre for Lysekloster, fekk Lyn-keeperen avverja.

Heimelaget hadde hatt flust av sjansar til å avgjera kampen, men når dei ikkje fekk det til, skjer det som ofte skjer i fotball. Ein blir straffa. Noko av det siste som skjedde i kampen, var nemleg at Anders Bjørntvedt Olsen klarte å kjempa inn 2—2 for bortelaget.