Får representera klubben: Os Fotball er på jakt etter deg over 16 år som er glad i å spela FIFA og som ønskjer å representera klubben i E-sport Foto: Colourbox

Er du Bjørnafjorden sin beste FIFA-spelar?

Vil du representera Os Fotball i E-sport?

Os Fotball er på jakt etter deg over 16 år som er glad i å spela FIFA og som ønskjer å representera klubben i E-sport. Klubben tilbyr blant anna felles FIFA-økter i veka med fysisk aktivitet i førekant, og vil invitera til årlege klubbmeisterskap og årlege vestlandsmeisterskap i EA-sports FIFA.

– Dersom dette verkar interessant, kan du koma på prøvespeling 2. og 3. november på Kuventræ, opplyser Rune Mo i Os Turn.