Skåra to: Fabian Bødtker skåra to mål i Sandviken-debuten i ein kamp som enda med 3-1-siger over Lysekloster.

Fabian Bødtker senka Lysekloster i Sandviken-debuten

Det var berre årets første treningskamp, men for osingen Fabian Bødtker var det litt meir enn som så.

Den tidlegare Os-spelaren har berre vore på tre treningar med Sandviken, så han har til gode å bli ordentleg kjend med lagkameratane sine.

– Faktisk er ikkje kontrakten signert. Vi er i ferd med å bli samde, så du kan skriva at eg kjem til å bli Sandviken-spelar denne sesongen, seier Bødtker.

Artikkelen held fram under annonsen.

Angriparen fortel at førsteomgangen mot munkane var jamn, men at Sandviken eigde andreomgangen. Bødtker gav heimelaget leiinga etter 66 minutt, og følgde opp med si andre skåring berre tre minutt seinare. Lysekloster-debutant Marius Bildøy reduserte etter 80 minutt, før Sander Bjørndal fastsette sluttresultatet til 3–1 etter ein corner nokre minutt før full tid.

Duell: Thorvald Trætteberg i duell med tidlegare lagkamerat Eskild Båsen.

Bødtker har vore Os-spelar heile karrieren, om ein ser bort frå eit kort opphald i Øystese. No søkjer han nye moglegheiter.

– Den siste tida har det blitt lite speletid i Os-drakta. Det har påverka sjølvtilliten, og eg fann at det var på tide å gå vidare. I tillegg jobbar eg i byen, fortel Bødtker.

Sandviken sikra opprykket frå 4.- til 3. divisjon i fjor. Bødtker har tru på at laget kan slå frå seg denne sesongen.

– Sandviken er eit bra fotballag. Vi har mykje fart framover, fortel Bødtker.

Lysekloster stilte med sju nye spelarar i startoppstillinga, og fleire på benken som kom inn etter kvilen og fekk visa seg fram. Det har ikkje lukkast Os & Fusaposten å få tak i trenar Ruben Hetlevik, for å få ein kommentar om kampen, torsdag morgon.

Lysekloster-trenar Ruben Hetlevik meiner at laget hans leverte ein prestasjon under det dei hadde forventa, men at det viktigaste var å koma i gang og at alle fekk minimum 45 minutt.

– Vi fekk spela ein kamp, elleve mot elleve. Vi ser at vi har mykje å jobba med før vi kan starta å konkurrera om poeng, seier Hetlevik.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fire tidlegare Lysekloster-spelarar

Sandviken har fire tidlegare Lysekloster-spelarar i laget, Ole Thomas Herrem, Joakim Helland, Szymon Walczak og Eskild Båsen – som nyleg skifta klubb.

– Vi var i grunn samde med Eskild, men så kom Sandviken på banen med eit så godt økonomisk tilbod at det ikkje var noko poeng for oss å prøva å matcha det. Vi kunne heller ikkje gje dei same lovnadane om speletid, seier Hetlevik, som ser etter nye spelarar før sesongstart.

– Vi ser etter ein keeper, då Maciej (Raniowski) er blitt skadd. I tillegg ser vi etter ein midtstoppar. Vi har 16 spelarar på kontrakt per no. Det er betre føresetnader enn vi har hatt tidleg på året dei siste sesongane, seier Hetlevik.

Os spelte også treningskamp onsdag. Fyllingsdalen skal ha vore det beste laget på Varden Amfi, i ein kamp som enda med 3–0 til heimelaget.