Maia Skudal og Malene Massi Fagertun ble premiert som banens beste.
Maia Skudal og Malene Massi Fagertun ble premiert som banens beste. Foto: go photo

Fekk bryna seg mot dei beste i landet - heime i Oshallen

Det var høgt nasjonalt nivå på det som vart vist på handballbanen då Os/Nore Neset var vert for Bringserien i helga.

8. og 9. desember tok jenter 16-laget til Os imot nokre av dei beste 16-årslaga i Noreg til andre runde i Bringserien. Son fra Østfold, HK Eidsberg fra Oslo og Charlottenlund frå Trondheim var gjester.

Dei fire laga møttest til totalt seks kampar med svært høgt nivå. Os/Nore Neset, med Ruth Moberg og Mia Torp Nielsen i spissen, stilte med eit skadeskutt lag og fekk det tøft.

- Jentene hadde det likevel veldig kjekt og kjem sterkare tilbake, fortel Toril Eide på vegner av ei engasjert foreldregruppe.

Tilskodarane som tok turen innom hallen fekk uansett sjå håndball med flotte fintar og imponerande spel, og sist, men ikkje minst, smilande og blide jenter, legg ho til.

Som vertskap sytte Os for at alle spelarar og trenarar fekk lunsj i klubbhuset på laurdagen.

Maia Skudal og Malene Massi Fagertun ble premiert som banens beste.
Maia Skudal og Malene Massi Fagertun ble premiert som banens beste. Foto: go photo
Sofie Evensen fekk  «fair play» pris.
Sofie Evensen fekk «fair play» pris. Foto: go photo
Trener Ruth Moberg har lagt ned mykje tid og arbeid i J16 og fekk «premie» for initiativ til Bring-deltaking, engasjement for laget og for alltid å ha full oversikt over det som skal gjerast.
Trener Ruth Moberg har lagt ned mykje tid og arbeid i J16 og fekk «premie» for initiativ til Bring-deltaking, engasjement for laget og for alltid å ha full oversikt over det som skal gjerast. Foto: go photo
Det var stor stemning på tribunen med både heimesupporterar og tilreisande.
Det var stor stemning på tribunen med både heimesupporterar og tilreisande. Foto: go photo
Det var stor stemning på tribunen med både heimesupporterar og tilreisande.
Det var stor stemning på tribunen med både heimesupporterar og tilreisande. Foto: go photo

- Dei tilreisande var veldig nøgde med både mat og opphold, og heimelaget gjorde seg godt bemerka for gjennomføringa av arrangementet, konstaterer Eide.

Jenter 16 kvalifiserte seg til Bringserien i september. Foreldregruppa og jentene har sidan hatt dugnadar, panta flasker og jobba for å få inn pengar til å reisa på kampar - og for å vera vertskap for runde to.

- Vi har også blitt sponsa av næringslivet og aktørar i Os og omegn med mat, premiar og pengestøtte. Det er vi veldig takknemlege for, seier Eide og legg til:

- Det kjem godt med då alle kampane våre er på Austlandet. Neste runde er 12. og 13. januar i Lørenskog. Det gler vi oss til!

jostein@osogfusa.no