Flaut: Det var fleire spelarar som hadde grunn til å vera flaue etter laurdagens kamp.

Fekk juling: Det blei stortap for Lysekloster heime mot Sotra

Det er framleis to gode måneder til seriestart. Om ein skal døma ut frå kampen laurdag, er det godt nytt for Lysekloster.

Det var Lysekloster sin andre treningskamp for året. Den første av mange på heimebane. På motsett banehalvdel stod Sotra, som spelar i divisjonen over. Det såg lyst ut for heimelaget då Simen Næss skåra etter fint kombinasjonsspel frå heimelaget. Då var det spelt kring 15 minutt av kampen. Lysekloster hadde nokre gode moglegheiter til å skåra fleire før kvilen, men det skulle koma eitt mål til denne omgangen, og det var ikkje til heimelaget.

Preben Skorpen, som er på prøvespel i Lysekloster, spelte ballen opp i midtbaneleddet. Der blei ballen snappa opp, og Sotra kom i overtal. Avslutninga gjekk ned til venstre for unge Jakob Folkestad i Lysekloster-buret. Det stod dermed 1-1 til pause. Målet som bortelaget fekk, skulle det visa seg å koma fleire av. I alle fall liknande situasjonar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Fabian Bødtker senka Lysekloster i Sandviken-debuten

For etter kvilen rann det inn mål for Sotra. Dei i Lysekloster-leiren som følgde kampen frå boksen oppe i klubbhuset, meinte at dette var flaut og dei var lettare sjokkerte over feil som blei gjort frå heimelaget sine spelarar. Sotra skåra seks mål etter kvilen, og vann til slutt 7-1. Lysekloster-trenar, Ruben Hetlevik, er skuffa over talet personlege feil.

Skuffa: Ruben Hetlevik var skuffa over talet personlege feil, og seier at dei som står bak baklengsmåla, må «steppa opp».

– Resultatet ber preg av for mange personlege feil frå vår side. Det er ikkje slik at dei speler oss ut. Dei er ikkje særleg farlege når dei angrip oss med ball. Dei er farlege når det er vi som har ball. Vi kan ikkje servera motstandarane ballen på vår halvdel og seia: Sjå her, det er berre til å gå og skåra, seier Hetlevik og held fram:

– Det er heilt soleklart at dei som står bak desse feila, må steppa opp. Vi slepp inn sju mål, men ingen av dei handler om korleis vi forsvarar oss. Heldigvis er det ti gonger lettare å luka bort personlege feil enn kollektive feil. I utgangspunktet meiner eg ikkje at det er grunn til bekymring.

Lysekloster hadde to midtstopparar på prøvespel laurdag, Skorpen og Claudio Merville.

– Merville var på prøvespel i Florø, og dei ville ikkje gje han kontrakt. Han skulle uansett til Bergen, og vi ønskte å sjå på han. Då fekk vi også fordelt litt speletid, slik at ikkje fleire av dei spelarane vi har på kontrakt, måtte spela nye 90 minutt i dag. I utgangspunktet er det ikkje snakk om noko meir enn det, seier Hetlevik og legg til:

– Preben Skorpen er aktuell, men det er fleire ting som må klaffa, og som må på plass først. Vi er på utkikk etter minst ein helst to midtstopparar til før sesongstart. Det kjem også ein keeper på prøvespel neste veke.