Sandviken: Fusingen Øyvind Nordtveit var ferdig i Arna-Bjørnar i april.

Fusingen Øyvind Nordtveit er klar for lokal klubb

Skreiv under måndag.

Øyvind Nordtveit klar for Lysekloster IL. Det melder klubben på sine heimesider.

Nordtveit som opphavleg er frå Fusa, skal jobba som assistenttrenar for A-laget. Han vert også fotball-fagleg ansvarleg for barne- og ungdomsfotballen i klubben.

Klubben opplyser at Øyvind har UEFA-pro-lisens og er utdanna lektor med master innan fotball og leiing.

Nordtveit har trena damelaget til Sandviken IL i fleire sesongar.

I 2021 fekk han jobben som hovudtrenar for damelaget til Arna-Bjørnar. Han leia klubben til 5. plass i sin fyrste sesong.

I april i år kom meldinga om at han var ferdig som trenar i klubben.