Det ser verkeleg ut osm at gutane kosar seg, sjølv om det tydeleg er vått.
Det ser verkeleg ut osm at gutane kosar seg, sjølv om det tydeleg er vått.

Håndballfestival på Stord: – Store og små knyt band på tvers av klubbane

40 lag frå Os kommune deltek denne helga i Håndballfestival på Stord. Ut frå bileta ser dei ut til å storkosa seg.

– Alle laga frå Os er innkvarterte på Langeland skule. som ligg litt utanfor festivalområdet. At vi er samla, gjer turen ekstra sosial, og vi ser at både små og store knyt band på tvers av klubbane. Dette er positivt for handballen i Os, fortel dagleg leiar i Nore Neset Idrettslag, Eirik André Hesthamar.

Fantastisk arrangement

Det er til saman 40 lag som deltek: 17 frå Os, 20 frå Nore Neset og tre frå Øyglimt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Fredag bada vi i sol og sommarlege temperaturar. Laurdag og søndag regna det godt, og vi har mange våte spelarar, fortel Hesthamar.

Os-trenar Christian Bugge, melder også om god stemning på tur.

– Nokre av laga er på dagstur laurdag, dei yngste. Resten er på helgetur. Det er god stemning på tvers av laga og sosialt på kvelden etter kampar. Os gjekk samla i parade gjennom Stord sentrum. Eit fantastisk arrangement, seier Bugge og legg til:

– Vêret er så som så, men stemninga er på topp.