Skieldorado: Bjarte Wiberg er glad for å kunna la bjørnafjordingane nytta banen til vinteraktivitet i tida framover.

Har fått løyve til å arrangera skirenn på golfbanen på Hauge

No er det førstemann til mølla. Laurdag kan Bjørnafjorden GK husa 200 skirenn-deltakarar på golfbanen på Hauge.

Dagleg leiar i Bjørnafjorden Golfklubb, Bjarte Wiberg, er om mogleg meir entusiastisk enn han bruker å vera når han ringjer måndag formiddag.

— Eg har snakka med kultursjef Erik Vangsnes. Han hadde forhøyrd seg med kommuneoverlegen og gjev no klarsignal for at me kan arrangera skirenn på laurdag, jublar Wiberg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gladmeldinga frå Vangsnes og kommuneoverlegen kom sjølvsagt med ein viktig føresetnad.

— Me har sjølvsagt teke på oss ansvaret med å sjå til at generelle smittevernreglar vert overhaldne. Det vil mellom anna seia at ein skal halda ein meter avstand mellom alle som møter opp, seier Wiberg.

Han er sikkert på at eit arrangement som dette garantert vil falla i smak hos bjørnafjordingane i desse koronatider.

— Me har hatt mykje skiglade folk her oppe no i helga. Det har vore aking, snømannlaging og skigåing. No skal me stimulera til endå meir aktivitet framover, lovar Wiberg.

Fem klasser

I samarbeid med Røde Kors skal golfklubben dei neste dagane laga til mange løypetrasear på området. Tre av dei skal nyttast til konkurransen på laurdag.

— Røde Kors har ein ATV med beltehjul som eignar seg supert til løypelaging. No er me berre på jakt etter spor-setjar. Eg veit det finst ein eller to i bygda her, men eg hugsar ikkje kvar me har låna desse tidlegare. Kanskje nokre av Os & Fusapostens lesarar kan hjelpa oss med det, undrar Wiberg.

I konkurransen på laurdag blir det sjølvsagt særs viktig å unngå for store opphopingar av folk. Difor vil arrangøren laga tre ulike konkurranse-løyper, med tre ulike startområde.

— Dei aller minste — born opp til 9 år — vil gå ei rundløype på kring 300 meter på driving-rangen. Så har me ei mellomklasse-løype for dei litt eldre på kring 1,5 km, som går på driving-rangen og opp til hol 2, og ei langløype for dei eldste borna og dei vaksne som går rundt heile området. Den løypa blir kring 3 km lang, fortel Wiberg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Inviterer til ytterlegare bruk

Ettersom det no er meldt kald vêr i lang tid framover, håpar golfklubben at området deira blir mykje brukt.

— I samband me dette skirennet lagar me mange løyper, mange fleire enn dei me skal nytta i løpet. Dermed blir det rikeleg med plass for born og unge til å nytta banen vår for å gå på ski i tida framover. Så lenge me ikkje kan spela golf, er me superglade for at folk kan nytta området vårt til annan aktivitet, seier Wiberg.

Men han har eitt MEN:

— Det er nokre område som er spraya med raudt. Det er greenane våre. Der ønskjer me ikkje at folk skal gå. Då kan dei skada graset under. Det håpar og trur eg folk vil respektera, seier den daglege leiaren i BJGK.