Marius Mikkelsen var lite nøgd med korleis Fredrik Delikås oppførte seg på banen.
Marius Mikkelsen var lite nøgd med korleis Fredrik Delikås oppførte seg på banen.

Intens andreomgang: – Veks opp. Veks opp!

Det blei intenst på kunstgraset i andreomgang då Os tok i mot serieleiar Djerv 1919.

Etter at det har regna nesten heile helga, blei det opplett og gode speleforhold på Kuventræ søndag kveld. Men det var nok ikkje mange som blei underheldt av det som skjedde på kunstgraset før kvilen. Os trilla mykje ball, medan dei prøvde å finna opningar i Djerv-laget, som såg ut til å kopiera spelestilen til Leicester frå gullsesongen, ved å gå for kontringar, og ved å satsa på dødballar. Bortelaget skapte ein halvsjanse før kvilen, men Os-keeper Chris Sunde Midtun redda greitt. Eit mønsterangrep etter 19 minutt, førte til at Djerv-keeperen måtte ut i full strekk på ei Marius Mikkelsen-avslutning. Os hadde også ein brukbar sjanse til, men meir var det ikkje å skriva heim om.

Ampert i andreomgang

Etter kvilen fekk publikum meir å snakka om. Bortelaget flytt laget høgare i jakta på tre poeng. Sjølv om heller ikkje andreomgang blei ein sjansebonansa, var dei haugevis av duellar, og spelarar som låg nede. Det var ampert mellom spelarane til tider og dommaren fekk ein del å hengja fingrane i. Då sluttsignalet gjekk, hadde Os-kaptein Marius Mikkelsen tydeleg fått nok av motspelar Fredrik Delikås.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Veks opp. Veks opp, sa Mikkelsen medan dei to tok kvarandre i hendene.

Det har ikkje lukkast Os & Fusaposten å få ein kommentar frå Mikkelsen etter kampslutt.

Djerv 1919 toppar framleis tabellen. Dei litt eitt poeng framfor Vard-Haugesund, som er Os sin neste motstandar. Os ligg på niandeplass.

Delikås slengde ein kommentar mot Mikkelsen, som bad han seia det ein gong til.
Delikås slengde ein kommentar mot Mikkelsen, som bad han seia det ein gong til.
Frisk etter kvilen. Han måtte ta nokre pust i bakken til tider, men Mats Cato Moldskred var "på" i andreomgang.
Frisk etter kvilen. Han måtte ta nokre pust i bakken til tider, men Mats Cato Moldskred var "på" i andreomgang.
Rafael Villen Villen prøvde å roa ned Delikås.
Rafael Villen Villen prøvde å roa ned Delikås.
Anders Havsgård gjorde ein god kamp på høgrebacken.
Anders Havsgård gjorde ein god kamp på høgrebacken.
Vegard Skeie gjorde nok ein god kamp i Os-forsvaret.
Vegard Skeie gjorde nok ein god kamp i Os-forsvaret.