Ole Martin Kolskogen og Vegard Skeie er to lovande spelarar frå 2000-generasjonen på Kuventræ. Dei var klar på at A-lag-fotballen så absolutt gav meirsmak.
Ole Martin Kolskogen og Vegard Skeie er to lovande spelarar frå 2000-generasjonen på Kuventræ. Dei var klar på at A-lag-fotballen så absolutt gav meirsmak.

Iskald, men morosam debut

I minus sju gradar fekk Vegard Skeie og Ole Martin Kolskogen A-lags-debuten sin for Os. Etter at 15-åringane kom på banen skåra dei gul-svarte to mål og sikra uavgjort mot Bjarg

- Det var sjukt kaldt, så me måtte verkeleg springa for å halda varmen, seier Ole Martin «Ollis», som midtveges i andre omgang var svært nær å skåra i debuten.

- Eg var på innlegget og fekk foten fram. Dessverre treffte eg ballen med leggen og fekk ingen god avslutning, seier 15-åringen som kom inn på sentral midtbane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Unge Skeie, son av Jan Frode Skeie, spelte stoppar.

- Det var sjukt moro å få vera med. Eg håpar me får fleire sjansar om ikkje så lenge, seier Vegard.

- Du spelte mykje midtbane tidlegare. Er det stoppar du no ser ut til å bli.

Her set Fabian Bødtker inn 1-2-målet mot Bjarg.
Her set Fabian Bødtker inn 1-2-målet mot Bjarg.
Ole Martin Kolskogen er her nær ved å skåra i debuten for Os A-lag.
Ole Martin Kolskogen er her nær ved å skåra i debuten for Os A-lag.
Tidlegare Brann- og  Løv-Ham-spelar Anders Fossen Lunde frå Os skal denne sesongen vakta buret for Bjarg.
Tidlegare Brann- og Løv-Ham-spelar Anders Fossen Lunde frå Os skal denne sesongen vakta buret for Bjarg.

- Ja, det kan sjå slik ut. Eg har jo litt å slekta på der, humrar ungguten.

Jamt oppgjer

Laurdagens treningskamp på Kuventræ skulle eigentleg gått på Stavollen, men då Bjarg ikkje klarte å få måkt banen i tide, vart oppgjeret flytta.

- Dette var ein kamp der det mest av alt handla om å få koma i gang og kjenna litt på det å spela kamp igjen. Me hadde veldig mange unge spelarar som fekk prøva seg i dag, og alle klarte seg bra, seier Ørjan Håland, som hadde hovudansvaret ettersom Hassan El Fakiri var i Oslo.

Torbjørn Birkelunds Bjarg-lag var hakket meir robuste over heile lina. I første omgang var dei klart sterkare i duellane, men etter kvilen jamna det seg meire ut.

Dei blåkledde gjekk til pause med 2-0, men utanom måla var det nokså jamt også dei første 40 minutta.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ja, dei spelte to gonger 40 i kulda på Kuventræ denne ettermiddagen.

- Det trur eg er fornuftig. Det er kaldt, og det er glatt. Så ein litt kortare gjennomkøyring er greitt for alle partar, sa Os' Endre Brenne før kampen.

Generasjonsskifte

Os er så absolutt inne i eit generasjonsskifte. Laget dei stilte med var rimeleg ungt. I tillegg til dei nemnde gute-spelarane var fleire juniorar i aksjon. I tillegg fekk amerikanarane Max Oldham og Andrew Todd prøva seg. 

Oldham spelte heile kampen på offensiv midtbane. Han sprang kolosalt mykje og hadde bra driv med ballen, men var ikkje alltid like god ven med lærkula.

Keeper Andrew spelte andre omgang etter at Frode Øvredal gjekk av banen i pausen.

- Me er inne i eit lite generasjonsskifte. Me har mange unge framadstormande spelarar, så har me eit par som er på prøvespel. Stallen for sesongen er ikkje heilt spikra endå, seier Håland.

To som vistnok er i tenkjeboksen er Torkell Hjertnes og Stian Lunde. For dei gulsvarte sin del er det liten tvil om at dei erfarne gutane kan bli gode å ha dersom dei bestemmer seg for å ta ein sesong til.

 

Artikkelen held fram under annonsen.

Løn som fortent

Os sine to mål vart skåra av Fabian Bødtker og Glenn Krossøy.

Førstnemnde sprang utruleg mykje og jobba godt i sin einsame spiss-rolle i 4-2-3-1-systemet og fekk fortent løn for innsatsen då han skåra åleine med Bjargs sisteskanse, osingen Anders Fossen Lunde vel ti minutt før slutt.

Krossøy fekk også ein fortent skåring etter ein god kamp der han stadig jakta overlappar på venstresida.